Utdrag frå energiminister Terje Aaslands kalender for veke 46

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det kan skje endringar i programmet på kort varsel.

Måndag 11. november

Kl. 17.30: Energiminister Terje Aasland deltek på fylkesstyremøte i Telemark Ap.

Tysdag 12. november

Kl. 10.00: Energiminister Terje Aasland har møte med Norsk Varme. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.

Kl. 12.00: Energiminister Terje Aasland deltek på den årlege konferansen til Grønn Byggallianse, der han held eit innlegg og deler ut prisen for årets grøne driftsteam. Konferansen går føre seg på Norrøna House på Lysaker. Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Henrik Hoel, telefon 48 13 61 94, e-post heh@ed.dep.no.

Kl. 13.00: Energiminister Terje Aasland og næringsminister Cecilie Myrseth har møte med NHO. Tema for møtet er straumsituasjonen i Sør-Noreg. Møtet går føre seg i Nærings- og fiskeridepartementet i Kongens gate 8 i Oslo. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.

Onsdag 13. november

Energiminister Terje Aasland deltek på Rebuild Ukraine-konferansen i Warszawa i Polen, der gjenoppbygging av energisystemet i Ukraina er eit sentralt tema. Presse som ønskjer å dekke konferansen kan akkreditere seg her. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.