Utdrag frå energiminister Terje Aaslands kalender for veke 49

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det kan skje endringar i programmet på kort varsel.

Måndag 2. desember

Kl. 09.30: Energiminister Terje Aasland deltek på ei markering av at karbonfangstanlegget i Brevik no er ferdig montert og tilkopla, ei såkalla mekanisk ferdigstilling. Dette er ein viktig milepæl i Langskip-prosjektet som skal ferdigstillast i 2025. Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Stine Grimsrud, telefon 97 19 42 50, e-post stine.grimsrud@ed.dep.no.

Kl. 12.30: Energiminister Terje Aasland har kontaktmøte med kraftprodusentane. Målet med møtet er å ha ein tett dialog om korleis styresmaktene og energibransjen, med sine ulike roller, kan leggje til rette for auka fornybar kraftproduksjon. Møtet er avgrensa til kraftproduksjon på land. Deltakarar på møtet er Fornybar Norge, Småkraftforeningen og Solenergiklyngen, i tillegg til utvalde kraftprodusentar. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.

Tysdag 3. desember

Kl. 09.00: Energiminister Terje Aasland har møte med Norske Lakseelver. Tema for møtet er tilhøva for laks i vassdrag som er påverka av vasskraftutbygging. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.

Kl. 18.00: Energiminister Terje Aasland deltek på eit ope møte i regi av Innlandet Ap. Tema for møtet er kraftsituasjonen. Møtet går føre seg i lokala til Eidsiva Energi på Hamar. Adresse: Vangsveien 71. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.

Onsdag 4. desember

Kl. 10.00: Energiminister Terje Aasland har møte med Hydro Energi.  Tema for møtet er kraftsituasjonen. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.

Kl. 18.30: Energiminister Terje Aasland deltek på eit ope møte i regi av LO og NHO i Vestfold og Telemark. Tema for møtet er kraftsituasjonen. Møtet går føre seg på Parkbiografen i Skien. Adresse: Kverndalsgata 1. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.

Torsdag 5. desember

Kl. 10.00: Energiminister Terje Aasland deltek på «Spør en minister» i regi av Norsk Teknisk Museum. Her skal han svare på spørsmål frå ein skuleklasse ved Disen skole i Oslo, som ein del av utstillinga «Energi i klimakrisens tid». Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Margrete Løbben Hanssen, telefon 92 85 78 91, e-post margrete-lobben.hanssen@ed.dep.no.

Kl. 12.30: Energiminister Terje Aasland har møte med fleire kommunar i Sunnhordland. Tema for møtet er kraftsituasjonen. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.

Kl. 16.00: Energiminister Terje Aasland er i Stortinget i samband med finansdebatten. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.