Utdrag frå energiminister Terje Aaslands kalender for veke 5

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det kan skje endringar i programmet på kort varsel.

Måndag 27. januar
Kl. 18.00: Energiminister Terje Aasland er på Gjøvik, der han deltek på eit ope folkemøte om kraft i regi av Gjøvik Ap. Arrangementet går føre seg på rådhuset på Kauffeldts plass i Gjøvik sentrum. Kontaktperson er politisk rådgivar Snorre Erichsen Skjevrak, telefon 41 25 20 66.

Tysdag 28. januar
Kl. 10.00: Energiminister Terje Aasland har møte med Gjøvikregionen Utvikling. Møtet går føre seg i Mustad næringspark. Adresse: Raufossvegen 40. 

Kl. 12.00 Energiminister Terje Aasland besøker NTNU Norwegian Cyber Range. Adresse: Teknologivegen 22, Gjøvik. 

Kl. 14.00: Energiminister Terje Aasland besøkjer Eidsiva, der han deltek på Agenda Energi. Adresse: Vangsvegen 71, Hamar. 

Kl. 16.45: Energiminister Terje Aasland besøkjer Trehørningen energisentral for omvisning og presentasjon av anlegget. Adresse: Engomsvingen 41, Ingeberg.

Kl. 18.00: Energiminister Terje Aasland deltek på eit ope folkemøte om klimaløysingar i landbruket, i regi av Innlandet Bondelag. Statsråden skal snakke om fornybare energikjelder og klimatilpassing i møte med ekstremvêr. Arrangementet går føre seg på Hamar Kulturhus. Adresse: Torggata 100.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Henrik Hoel, telefon 48 13 61 94, e-post henrik.hoel@ed.dep.no.

Onsdag 29. januar
Kl. 11.30: Energiminister Terje Aasland er til stades i den ordinære spørjetimen i Stortinget. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.

Torsdag 30. januar
Kl. 09.00: Energiminister Terje Aasland deltek på eit frukostmøte i regi av Offshore Norge og Rederiforbundet, der han får overlevert ein rapport om kompetansesituasjonen i norsk offshoresektor. Arrangementet går føre seg på Litteraturhuset i Oslo. Adresse: Wergelandsveien 29. Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Fanny Løvholm, telefon 40 24 87 43, e-post fanny.lovholm@ed.dep.no.

Kl. 10.00: Energiminister Terje Aasland deltek på Pareto Securities sin konferanse om kraft og fornybar energi. Konferansen går føre seg på Radisson Blu Scandinavia Hotel i Oslo. Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Henrik Hoel, telefon 48 13 61 94, e-post henrik.hoel@ed.dep.no.

Fredag 31. januar
Kl. 10.00: Energiminister Terje Aasland deltek på eit møte om maritim sikkerheit og beredskap i ei skjerpa sikkerheitspolitisk tid. I møtet deltek statsministeren og fleire statsrådar, i tillegg til representantar for ulike etatar og organisasjonar i maritim næring. Møtet går føre seg i Fanehallen på Akershus Festning. Presse kan delta på starten av møtet. I tillegg er deltakarane tilgjengelege for presse når møtet er slutt, om lag kl. 12. Påmelding til rvi@smk.dep.no innan torsdag 30. januar kl. 16.

Pressekontakt for energiministeren er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@ed.dep.no.