Utdrag frå energiminister Terje Aaslands kalender for veke 50
Pressemelding | Dato: 06.12.2024 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det kan skje endringar i programmet på kort varsel.
Måndag 9. og tysdag 10. desember
Energiminister Terje Aasland besøkjer kommunane Rana og Nesna i Nordland. Programmet ser foreløpig slik ut:
Måndag
Kl. 15.45: Statsråden besøkjer Mo Industripark, der han får ei orientering om industriparken og mellom anna møter SMA Mineral. Stad: Mo Industripark, Halvor Heyerdals vei, Mo i Rana.
Kl. 19.00: Statsråden deltek på eit ope møte i regi av Rana Ap. Tema for møtet er energipolitikk. Møtet går føre seg i Fagforeningshuset. Adresse: Søndre gate 13, Mo i Rana.
Tysdag
Kl. 08.45: Statsråden besøkjer Westcon Helgeland, der han får ei orientering om planane deira for bygging av flytande havvindkonstruksjonar. Fleire leverandørbedrifter deltek på møtet. Stad: Westcon Helgeland, Industrivegen, Nesnastranda.
Kl. 13.00: Statsråden deltek på møte om nettutvikling. Stad: Mo Industripark. Adresse: Halvor Heyerdals vei, Mo i Rana.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Stine Grimsrud, telefon 97 19 42 50, e-post stine.grimsrud@ed.dep.no.
Onsdag 11. desember
Kl. 10.00: Energiminister Terje Aasland deltek på Fornybar Norges arrangement «Kommer kraftressursene folket til gode?», der han får overlevert ein oppdatert analyse om ringverknader frå fornybarnæringa. Arrangementet går føre seg på Næringslivets Hus. Adresse: Middelthuns gate 27, Oslo. Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Henrik Hoel, telefon 48 13 61 94, e-post henrik.hoel@ed.dep.no.
Torsdag 12. desember
Kl. 11.00: Energiminister Terje Aasland er i Stortinget, der han svarer på ein interpellasjon om snøskredulykker. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Fredag 13. desember
Kl. 15.00: Energiminister Terje Aasland er i Stortinget i samband med behandling av saker på energifeltet. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.