Utdrag frå olje- og energiminister Marte Mjøs Persens kalender for veke 10
Pressemelding | Dato: 04.03.2022 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.
Tysdag 8. mars
Kl. 09.00: Olje- og energiministeren deltek på seminaret Kvinner og kraft 2022. Seminaret blir arrangert av kvinnenettverket i Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar og går føre seg på Scandic Solli i Oslo.
Kl. 13.45: Olje- og energiministeren deltek på eit møte i Energirådet i Stavanger.
Kl. 15.30: Olje- og energiministeren besøkjer Hitecvision i Jåttavågen i Stavanger.
Pressekontakt i Stavanger er politisk rådgivar Kristoffer André Hansen, telefon 46 61 38 73, e-post Kristoffer-Andre.Hansen@oed.dep.no.
Onsdag 9. mars
Kl. 13.00: Olje- og energiministeren held eit innlegg på seminaret Hav(vind)byen Bergen, i regi av Bergen Næringsråd.
Pressekontaktar er politisk rådgivar Kristoffer André Hansen, telefon 46 61 38 73, e-post Kristoffer-Andre.Hansen@oed.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ingrid Lønrusten Rogstad, telefon 93 48 92 25, e-post ilr@oed.dep.no.
Torsdag 10. mars
Kl. 12.00: Olje- og energiministeren er til stades på årskonferansen til Norsk olje og gass, der ho blant anna skal delta i ein samtale på scenen med konferansier Asbjørn Slettemark. Konferansen går føre seg på Rockefeller i Oslo.
Fredag 11. mars
Olje- og energiministeren er i Bergen.
Kl. 08.30: Besøk til GCE Ocean Technology saman med næringsminister Jan Christian Vestre.
Stad: Vilvitesenteret, Thormøhlensgate 51 på Marineholmen.
Kl. 10.30: Besøk til Høgskulen på Vestlandet, Campus Kronstad. Statsråden får blant anna ei omvising på Fakultet for ingeniør- og naturvitskap, der ho får ei orientering om arbeidet med energiteknologi.
Kl. 12.00: Olje- og energiministeren held eit innlegg på klimafestivalen Varmere Våtere Villere.
Stad: Høgskulen på Vestlandet, Campus Kronstad. Inndalsveien 28.
Kl. 13.00: Besøk til Universitetet i Bergen, der statsråden får ei orientering om forskingsarbeidet som blir gjort på område som karbonfangst og -lagring, havvind og djuphavsmineral.
Stad: Thormøhlens gate 41, Marienholmen.
Kl. 16.30: Olje- og energiministeren deltek i debatten «Karbonfangst og lagring – redning eller grønnvask?» på klimafestivalen Varmere Våtere Villere.
Stad: Kulturhuset i Bergen, i Vaskerelven 8.
Kl. 17.45: Olje- og energiministeren deltek i debatten «Kabler, kraft og kontroverser» på klimafestivalen Varmere Våtere Villere.
Stad: Kulturhuset i Bergen, i Vaskerelven 8.
Pressekontaktar i Bergen er politisk rådgivar Kristoffer André Hansen, telefon 46 61 38 73, e-post Kristoffer-Andre.Hansen@oed.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Margrete Løbben Hanssen, telefon 92 85 78 91, e-post mlh@oed.dep.no