Utdrag frå olje- og energiminister Marte Mjøs Persens kalender for veke 48
Pressemelding | Nr: 039/2021 | Dato: 26.11.2021 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.
Tysdag 30. november
Kl. 09.00: Olje- og energiministeren deltek på haustkonferansen til Equinor. Ho er også til stades på haustkonserten om kvelden.
Pressekontaktar er politisk rådgivar Arild Theimann, telefon 93 22 78 37, e-post arild.theimann@oed.dep.no og kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@oed.dep.no.
Onsdag 1. desember
Kl. 12.30 Olje- og energiministeren er til stades i den ordinære spørjetimen på Stortinget.
Torsdag 2. desember
Olje- og energiministeren deltek på Desemberkonferansen i Kristiansund. Same dag blir det òg besøk til OKEAs hovudkontor og Vestbase, saman med ordførar i Kristiansund.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Henrik Hoel, telefon 48 13 61 94, e-post heh@oed.dep.no.
Søndag 5. desember-torsdag 9. desember
Olje- og energiministeren deltek på ei reise til USA saman med kronprins Haakon, utanriksminister Anniken Huitfeldt og næringsminister Jan Christian Vestre. Klima- og energispørsmål vil vere eit sentralt tema for besøket. Tidlegare publisert informasjon om besøket finn du her.
Pressekontakt for olje- og energiministeren er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@oed.dep.no.