Utdrag frå olje- og energiminister Marte Mjøs Persens kalender for veke 8
Pressemelding | Dato: 22.02.2022 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.
Tysdag 22. februar
Kl. 17.00: Olje- og energiministeren har eit digitalt møte med EUs energikommisær Kadri Simson. Presse som ønskjer å snakke med statsråden etter møtet, rundt kl. 18, kan ta kontakt med kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@oed.dep.no.
Torsdag 24. februar
Olje- og energiministeren er i Bergen. Kl. 14.30 besøkjer ho Universitetet i Bergen, der ho blant anna skal innom Bergen Offshore Wind Centre. Ho besøkjer også bedrifta Gexcon, som jobbar med tryggleik knytta til hydrogenanlegg. Om kvelden er ho til stades på 60-årsmarkeringa for Langhaugen skole, der ho sjølv gjekk på vidaregåande.
Pressekontakt er politisk rådgivar Kristoffer André Hansen, telefon 466 13 873, e-post Kristoffer-Andre.Hansen@oed.dep.no.
Fredag 25. februar
Olje- og energiministeren er i Florø. Statsråden besøkjer Fjord Base, der ho blant anna får ei orientering om Florøs betydning for oljenæringa og om satsing på hydrogen, ammoniakk og havvind. Statsråden får også prøve den hurtiggåande el-båten Evoy.
Pressekontaktar er politisk rådgivar Kristoffer André Hansen, telefon 46 61 38 73, e-post Kristoffer-Andre.Hansen@oed.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Tore Sandnes Becker, telefon 40 49 79 16, e-post Tore-Sandnes.Becker@oed.dep.no.