Utdrag frå olje- og energiminister Marte Mjøs Persens kalender for veke 9
Pressemelding | Dato: 28.02.2022 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.
Onsdag 2. mars
Kl. 10.00: Olje- og energiministeren er til stades i den munnlege spørjetimen i Stortinget.
Torsdag 3. mars
Olje- og energiministeren er i Stortinget for å svare på ein interpellasjon frå SV om kva som blir gjort for å hindre at ei straumpriskrise rammar landet igjen dei neste vintrane.
Fredag 4. mars
Kl. 14.00: Olje- og energiministeren møter Arbeidarpartiet si gruppe i Sametinget, som har bedt om eit møte for å diskutere Fosen-saka. Pressekontakt er politisk rådgivar Kristoffer André Hansen, telefon 46 61 38 73, e-post Kristoffer-Andre.Hansen@oed.dep.no.