Utdrag frå olje- og energiminister Terje Aaslands kalender for veke 13
Pressemelding | Dato: 23.03.2023 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.
Måndag 27. mars
Kl. 09.00: Olje- og energiminister Terje Aasland tek imot to rapportar om verknader og juridiske sider ved ulike nettløysingar for vindkraft til havs. Rapportane er laga av Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Reguleringsmyndigheita for energi (RME) på oppdrag frå Olje- og energidepartementet. Vassdrags- og energidirektør Kjetil Lund presenterer rapportane.
Arrangementet går føre seg i presserommet i R6, Teatergata 9. Dørene opnar kl. 08.30. Ta med gyldig pressekort og ID.
Arrangementet blir filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringa.no.
Pressekontaktar er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@oed.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Jo Henrik Jarstø, telefon 99 55 75 23, e-post jo-henrik.jarsto@oed.dep.no.
Kl. 12.00: Olje- og energiminister Terje Aasland møter Italias ambassadør til Noreg.
Kl. 13.00: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på sentralstyremøte i Arbeidarpartiet.
Onsdag 29. mars
Kl. 11.30: Olje- og energiminister Terje Aasland er til stades i den ordinære spørjetimen i Stortinget.
Torsdag 30. mars
Kl. 09.00: Olje- og energiminister Terje Aasland er til stades på innspelsmøte om rapporten frå Energikommisjonen.
Innspelsmøtet går føre seg på Ingeniørenes hus i Oslo. Adresse: Kronprinsens gate 17.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Om ettermiddagen er olje- og energiminister Terje Aasland i Stortinget i samband med ein interpellasjon om ei framtidig energiløysing på Svalbard.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.