Utdrag frå olje- og energiminister Terje Aaslands kalender for veke 16
Pressemelding | Dato: 14.04.2023 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.
Måndag 17. april
Olje- og energiminister Terje Aasland er til stades på regjeringa sin havkonferanse i Bergen, saman med statsministeren, klima- og miljøministeren, fiskeri- og havministeren, arbeids- og inkluderingsministeren og utviklingsministeren. Sjå eiga pressemelding om konferansen.
Etter konferansen, kl. 14.15, besøkjer olje- og energiministeren Universitetet i Bergen og Bergen Offshore Wind Centre.
Pressekontakt for olje- og energiministeren er kommunikasjonsrådgivar Stine Grimsrud, telefon 97 19 42 50, e-post stgr@oed.dep.no.
Tysdag 18. april
Olje- og energiminister Terje Aasland besøkjer Ekofisk-feltet i Nordsjøen.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Jo Henrik Jarstø, telefon 99 55 75 23, e-post jo-henrik.jarsto@oed.dep.no.
Onsdag 19. april
Kl. 11.30: Olje- og energiminister Terje Aasland er til stades i den ordinære spørjetimen i Stortinget.
Kl. 16.40: Olje- og energiminister Terje Aasland er til stades på Aker ASA sin konsernkonferanse, der han skal snakke om regjeringa sin energipolitikk.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.