Utdrag frå olje- og energiminister Terje Aaslands kalender for veke 2

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 9. januar

Kl. 12.00: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på sentralstyremøte i Arbeidarpartiet.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

 

Tysdag 10. og onsdag 11. januar

Olje- og energiminister Terje Aasland er til stades på Olje- og energipolitisk seminar i Sandefjord. Tysdag held statsråden eit innlegg om norsk petroleumspolitikk om lag kl. 13.20 og deltek i ein panelsamtale om lag kl. 14.50. Stad: Scandic Park Sandefjord.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@oed.dep.no.

 

Onsdag 11. januar

Kl. 11.30: Olje- og energiminister Terje Aasland er til stades i den ordinære spørjetimen i Stortinget.

 

Torsdag 12. januar

Kl. 19.00: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på eit digitalt møte med LO Vestfold og Telemark. Tema for møtet er straumsituasjonen.  

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.