Utdrag frå olje- og energiminister Terje Aaslands kalender for veke 24

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 12. juni
Kl. 13.00: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på sentralstyremøte i Arbeidarpartiet.

 

Kl. 20.00: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på regionalt innspelsmøte om Kraftløftet. I Kraftløftet samarbeider regjeringa, NHO og LO om tiltak, mobilisering og nye grep som kan sikre tilstrekkeleg tilgang på fornybar kraft til konkurransedyktige prisar for næringsliv og forbrukarar i Noreg fram mot 2030. Møtet går føre seg på Powerhouse i Porsgrunn. Adresse: Dokkvegen 11.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

 

Tysdag 13. juni
Kl. 08.15: Olje- og energiminister Terje Aasland tek imot LO og NHO sitt forslag til hydrogenstrategi. Overleveringa går føre seg på eit arrangement på Spiseriet Møller på Oslo Kongressenter. Adresse: Youngs gate 21, Oslo.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

 

Kl. 09.00: Olje- og energiminister Terje Aasland har møte med St1. Tema for møtet er vindkraft.

 

Kl. 11.00: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på forbundsstyremøte i Industri Energi. Stad: Oslo Kongressenter, Youngs gate 21.

 

Kl. 13.00: Olje- og energiminister Terje Aasland har møte med Sarpsborg-ordførar Sindre Martinsen-Evje. Tema for møtet er bygginga av ny bru og nytt kraftverk ved Sarpefossen.

 

Onsdag 14. juni
Kl. 10.00: Olje- og energiminister Terje Aasland er i Stortinget i samband med behandlinga av saker på energifeltet.

 

Torsdag 15. juni
Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på kongeparets offisielle besøk til Danmark. Besøket skal blant anna bidra til auka næringslivssamarbeid, med fokus på grønn industriutvikling og styrking av energisamarbeidet.

Akkrediteringsfristen for presse er gått ut.

Pressekontakt for olje- og energiministeren er kommunikasjonsrådgivar Margrete Løbben Hanssen, telefon 92 85 78 91, e-post mlh@oed.dep.no.

 

Fredag 16. juni
Olje- og energiminister Terje Aasland er i Stortinget i samband med debatten om revidert nasjonalbudsjett.