Utdrag frå olje- og energiminister Terje Aaslands kalender for veke 3

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 16. januar

Olje- og energiminister Terje Aasland besøkjer Askøy og Øygarden.

Programmet ser slik ut:

Kl. 09.45: Besøk til bedrifta OneSubsea Processing på Askøy.

Kl. 11.55: Besøk til prosessanlegget for gass på Kollsnes i Øygarden.

Kl. 13:35: Besøk til Northern Lights-prosjektet i Øygarden.    

Presse som ønskjer å delta på heile eller delar av besøket kan ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar Henrik Hoel, telefon 48 13 61 94, e-post heh@oed.dep.no.

Onsdag 18. januar

Kl. 08.15: Olje- og energiminister Terje Aasland møter byrådsleiaren i Oslo og ordføraren i Bærum for å diskutere fornyinga av straumforsyninga mellom Hamang og Smestad.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

 

Kl. 09.00: Olje- og energiminister Terje Aasland møter LO-leiar Peggy Hessen Følsvik og NHO-leiar Ole Erik Almlid. Tema for møtet er korleis partane kan jobbe saman om å løyse utfordringane i kraftsystemet i tida framover.

Møtet går føre seg i Olje- og energidepartementet i Akersgata 59. Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar kl. 08.40. Ta med pressekort og gyldig ID. Etter møtet, om lag kl. 09.50, er møtedeltakarane tilgjengelege for presse. Oppmøte for pressefolk kl. 09.30. Ta med pressekort og gyldig ID.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@oed.dep.no.

 

Kl. 10.15: Olje- og energiminister Terje Aasland møter ingeniør- og teknologorganisasjonen NITO. I møtet skal NITO presentere ein rapport om behovet for ingeniørkompetanse i lys av den grøne omstillinga.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.