Utdrag frå olje- og energiminister Terje Aaslands kalender for veke 32
Pressemelding | Dato: 07.08.2023 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.
Tysdag 8. august
Kl. 12.05: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på pressekonferanse for å presentera eit stort kraft- og industriløft for Finnmark, saman med statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum.
Meir informasjon om oppmøte finn du i pressemeldinga.
Påmelding til info@oed.dep.no innan måndag 7. august klokka 14.00. Meld òg frå dersom du vil følgje med bussen.
Pressekontakt for olje- og energiministeren er kommunikasjonsrådgivar Jo Henrik Jarstø, telefon: 99 55 75 23, e-post: joja@oed.dep.no.
Onsdag 9. august
Olje- og energiminister Terje Aasland er i Kirkenes.
Kl. 09.00: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek saman med forsvarsminister Bjørn Arild Gram på møte med Jegerbataljonen, (Garnisonen i Sør Varanger) og Quick Response Force (QRF). Møta vil gå føre seg ute, om vêret tillèt det.
Presse som ønsker å delta her eller på andre deler av besøket i Kirkenes kan ta kontakt med pressekontakt for olje- og energiministeren, kommunikasjonsrådgivar Jo Henrik Jarstø, telefon: 99 55 75 23, e-post: joja@oed.dep.no.
Olje- og energiministeren vil mellom anna også besøke Varanger kraft, Sydvaranger gruve og ha eit møte med reindriftsnæringa i Varanger.
Fredag 11. august
Kl. 9.30: Olje- og energiminister Terje Aasland møter Aker Solutions. Tema for møtet er energiomstilling.
Kl. 10.30: Olje- og energiminister Terje Aasland møter Offshore Norge. Tema for møtet er rekruttering, studieplassar og forsking innan havvind og petroleumsrelaterte fag.