Utdrag frå olje- og energiminister Terje Aaslands kalender for veke 36
Pressemelding | Dato: 01.09.2023 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.
Måndag 4. og tysdag 5. september
Olje- og energiminister Terje Aasland besøkjer Nordland. Programmet ser foreløpig slik ut:
Måndag 4. september
Kl. 19.30: Aasland er i Glomfjord, der han deltek på eit ope møte i regi av Arbeidarpartiet, Industri Energi og Forbundet for Ledelse og Teknikk. Møtet går føre seg på Glomfjord hotell.
Tysdag 5. september
Kl. 08.00: Aasland besøkjer Glomfjord kraftverk.
Kl. 09.30: Aasland besøkjer Meløy videregående skole.
Kl. 12.30: Aasland deltek på Kraftkonferansen 2023 i Bodø.
Kl. 14.00: Aasland deltek på valkampaktivitetar i regi av Arbeidarpartiet, i Bodø sentrum.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Onsdag 6. september
Kl. 10.30: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på Næringskonferansen på Mongstad.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Fredag 8. september
Olje- og energiminister Terje Aasland er på Dyrsku’n i Seljord, der han blant anna skal delta i ein debatt om energibruk i landbruket.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Laurdag 9. september og søndag 10. september
Olje- og energiministeren er i Telemark, der han deltek på valkampaktivitetar i regi av Arbeidarpartiet.