Utdrag frå olje- og energiminister Terje Aaslands kalender for veke 39
Pressemelding | Dato: 23.09.2022 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.
Tysdag 27. september
Olje- og energiminister Terje Aasland besøkjer Polen, der han skal delta på opninga av Baltic Pipe i Szczecin. Gassrøyret Baltic Pipe knyter Polen til eksisterande gassrøyr mellom Noreg og kontinentet. Røyret vil bidra til å styrkje forsyningssikkerheita til Polen, Danmark og andre land i området rundt Austersjøen og Aust-Europa. Akkrediteringsfristen er gått ut.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Onsdag 28. september
Kl. 11.00: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på gruppeseminar i Arbeidarpartiet. Seminaret går føre seg på Utøya.
Kl. 14.30: Olje- og energiminister Terje Aasland er tilgjengeleg på telefon for presse som ønskjer kommentarar til NVE sine rapportar om kraftsituasjonen og vassmagasina.
Presse som ønskjer kommentarar kan kontakte pressevakta i Olje- og energidepartementet før kl. 14.00, enten på telefon 41 57 35 00 eller e-post info@oed.dep.no.
Torsdag 29. september
Kl. 16.00: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på eit seminar i regi av entreprenørselskapet Hauk Sveinsson.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Fredag 30. september
Kl. 12.30: Olje- og energiminister Terje Aasland møter Google. Tema for møtet er næringsutvikling.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.