Utdrag frå olje- og energiminister Terje Aaslands kalender for veke 40

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 4. oktober
Olje- og energiminister Terje Aasland er til stades i Stortinget i samband med trontaledebatten.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

Onsdag 5. oktober
Kl. 09.00: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på opninga av forskingssentra HYDROGENi og HyValue, som skal forske på hydrogen og ammoniakk. Dei to forskingssentra skal leiast av NORCE og SINTEF og er finansierte av Olje- og energidepartementet. Stad: Thon Hotel Opera, Oslo.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

 

Om ettermiddagen er olje- og energiministeren til stades i Stortinget i samband med trontaledebatten.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

 

Kl. 16.00: Olje- og energiminister Terje Aasland er tilgjengeleg for presse som ønskjer kommentarar til NVE sine rapportar om kraftsituasjonen og vassmagasina. Stad: Vandrehallen i Stortinget.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

Torsdag 6. oktober
Kl. 08.00:  Olje- og energiminister Terje Aasland besøkjer Gassco, der han får ei orientering om korleis dei jobbar med sikker transport av gass frå norsk sokkel. Stad: Bygnesvegen 75, Kopervik.

Kl. 10.00: Olje- og energiminister Terje Aasland besøkjer prosessanlegget på Kårstø, der han får ei orientering om drifta. Anlegget har ei nøkkelrolle når det gjeld transport og behandling av gass og kondensat frå sentrale område på norsk sokkel.

Presse som ønskjer å delta på besøket kan ta kontakt med kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@oed.dep.no.