Utdrag frå olje- og energiminister Terje Aaslands kalender for veke 40
Pressemelding | Dato: 01.10.2023 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.
Måndag 2. oktober
Kl. 10.45: Olje- og energiminister Terje Aasland har møte med LO. Tema for møtet er aktuelle energisaker, inkludert kraftsituasjonen i straumprisområdet NO2.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Tysdag 3. oktober
Kl. 10.30: Olje- og energiminister Terje Aasland representerer regjeringa i gravferda til tidlegare statsråd Ruth Ryste. Stad: Stathelle kirke, Stathelle.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Onsdag 4. oktober
Kl. 10.00: Olje- og energiminister Terje Aasland er til stades i trontaledebatten i Stortinget.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Torsdag 5. oktober
Kl. 12.00: Olje- og energiminister Terje Aasland er til stades i trontaledebatten i Stortinget.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Kl. 18.00: Olje- og energiminister Terje Aasland er til stades på festvisning av filmen «Sulis 1907», på Colosseum kino i Oslo.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Fredag 6. oktober
Olje- og energiminister Terje Aasland er i Stavanger i samband med framlegginga av statsbudsjettet for 2024.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Tysdag 7. og onsdag 8. november
Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på kronprinsparets offisielle besøk til Tyskland. Besøket skal bidra til å forsterke dei nære relasjonane og det tette næringslivssamarbeidet mellom Noreg og Tyskland.
Presse som ønskjer å dekke besøket må akkreditere seg innan torsdag 19. oktober. Informasjon om akkreditering og fleire detaljar om besøket finn du her.