Utdrag frå olje- og energiminister Terje Aaslands kalender for veke 42
Pressemelding | Dato: 13.10.2023 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.
Måndag 16. oktober
Olje- og energiminister Terje Aasland er i Trondheim. Programmet ser foreløpig slik ut:
Kl. 08.45: Statsråden besøkjer NTNU sitt vasskraftlaboratorium.
Stad: Alfred Getz vei 4, Trondheim.
Kl. 10.30: Statsråden deltek på den offisielle markeringa av at SINTEFs fleirfaselaboratorium fyller 40 år. Fleirfaseteknologien vart utvikla for å transportere den ubehandla blandinga av olje, gass og vatn frå brønnane på sokkelen. Teknologien har gjort det mogleg å bygge ut fleire og mindre felt og har hatt stor betydning for lønsemda i norsk petroleumsverksemd.
Stad: Tillerbruvegen 200, Tiller.
Pressekontaktar er kommunikasjonsrådgivar Stine Grimsrud, telefon 97 19 42 50, e-post stgr@oed.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Fanny Løvholm, telefon 40 24 87 43, e-post fanny.lovholm@oed.dep.no.
Tysdag 17. oktober
Kl. 09.00: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på Havvindkonferansen 2023. Konferansen går føre seg på Radisson Blu Scandinavia i Oslo. Adresse: Holbergs gate 30.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Kl. 10.30: Olje- og energiminister Terje Aasland er i Stortinget, der han svarer på ein interpellasjon om Fosen-saka og regjeringa sin energipolitikk.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Kl. 13.00: Olje- og energiminister Terje Aasland har møte med Offshore Norge. Tema for møtet er tilgang til kompetanse for offshorenæringa.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Kl. 14.00: Olje- og energiminister Terje Aasland har møte med Konkraft. Temaet for møtet er klimastrategien for petroleumssektoren mot 2030 og 2050.
Onsdag 18. oktober
Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på det nordiske energiministermøtet på Island, der energiministrane skal drøfte aktuelle energipolitiske spørsmål.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Fredag 20. oktober
Kl. 08.30: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på Norges Energidager 2023.
Stad: Scandic Fornebu, Martin Linges vei 2.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Kl. 12.00: Olje- og energiminister Terje Aasland har møte med Lyse. Tema for møtet er kraftsituasjonen i straumprisområdet NO2.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Tysdag 24. oktober
Olje- og energiminister Terje Aasland er i Brussel, der han blant anna skal delta på den 6. energikonferansen mellom Noreg og EU saman med EUs energikommisær Kadri Simson. Me vil kome tilbake med eit meir detaljert program.
Redaksjonar som er interesserte i å dekke besøket, kan allereie no ta kontakt med kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@oed.dep.no.
Måndag 30. oktober–fredag 3. november
Olje- og energiminister Terje Aasland besøkjer USA. Tema for besøket, som går føre seg i Washington DC, Houston og New York, er blant anna energitryggleik, fornybar energi og samarbeid mellom Noreg og USA.
For meir informasjon, ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar Stine Grimsrud, telefon 97 19 42 50, e-post stgr@oed.dep.no.
Tysdag 7. og onsdag 8. november
Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på kronprinsparets offisielle besøk til Tyskland. Besøket skal bidra til å forsterke dei nære relasjonane og det tette næringslivssamarbeidet mellom Noreg og Tyskland.
Presse som ønskjer å dekke besøket må akkreditere seg innan torsdag 19. oktober. Informasjon om akkreditering og fleire detaljar om besøket finn du her.