Utdrag frå olje- og energiminister Terje Aaslands kalender for veke 44

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 30. oktober–torsdag 2. november
Olje- og energiminister Terje Aasland besøkjer USA. Tema for besøket er blant anna energitryggleik, fornybar energi og samarbeid mellom Noreg og USA.

Aasland er i Washington D.C. måndag og tysdag og reiser deretter til Houston i Texas. Presse som ønskjer eit meir detaljert program, kan ta kontakt med Olje- og energidepartementet på info@oed.dep.no.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Stine Grimsrud, telefon 97 19 42 50, e-post stgr@oed.dep.no.