Utdrag frå olje- og energiminister Terje Aaslands kalender for veke 45
Pressemelding | Dato: 03.11.2023 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.
Måndag 6. november
Kl. 11.00: Olje- og energiminister Terje Aasland har møte med Varanger Kraft. Tema for møtet er rammevilkåra for vindkraft.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Kl. 13.30: Olje- og energiminister Terje Aasland har møte med Fornybar Norge, Distriktsenergi, Samfunnsbedriftene og fleire nettselskap. Møtet er det første av dei halvårlege statusmøta med nettbransjen som er varsla i regjeringa sin handlingsplan for raskare nettutbygging og betre utnytting av nettet.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Kl. 17.00: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på en middag i regi av Powered by Telemark, der han skal snakke om kraftsituasjonen i Grenland.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Tysdag 7. og onsdag 8. november
Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på kronprinsparets offisielle besøk til Tyskland. Besøket skal bidra til å forsterke dei nære relasjonane og det tette næringslivssamarbeidet mellom Noreg og Tyskland. Sjå eiga pressemelding for meir informasjon om besøket.
Pressekontakt for olje- og energiministeren er kommunikasjonsrådgivar Jo Henrik Jarstø, telefon 99 55 75 23, e-post jo-henrik.jarsto@oed.dep.no.
Torsdag 9. november
Kl. 10.00: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på Statnett sin haustkonferanse. Konferansen går føre seg på Sentralen i Oslo. Adresse: Øvre Slottsgate 3.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Fredag 10. november
Kl. 09.00: Olje- og energiminister Terje Aasland har møte med Ann Christin Andersen, som er ny administrerande direktør i Norwegian Energy Partners (Norwep). Norwep jobbar med auka eksport frå dei norskbaserte energinæringane.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.