Utdrag frå olje- og energiminister Terje Aaslands kalender for veke 48
Pressemelding | Dato: 24.11.2023 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.
Måndag 27. november
Olje- og energiminister Terje Aasland besøkjer Telemark.
Programmet ser foreløpig slik ut:
Kl. 08.00: Statsråden deltek på frukostmøte med LO i Skien.
Kl. 10.30: Statsråden deltek på dialogmøte med næringslivet om kraftsituasjonen. Møtet går føre seg på Nome Rådhus på Ulefoss.
Kl. 12.45: Statsråden besøkjer Notodden Energi, der han møter representantar for næringslivet i kongsbergregionen og Notodden Energi. Stad: Lienvegen 39, Notodden.
Kl. 14.15: Statsråden deltek på den offisielle opninga av bedrifta Inflate AS. Stad: Merdevegen 2F, Notodden.
Kl. 15.30: Statsråden har møte med tillitsvalde i LO. Stad: Storgata 74, Notodden.
Kl. 18.00: Statsråden deltek på eit medlemsmøte i Midt-Telemark Arbeidarparti. Stad: Bø Hotekk, Gullbringveien 32.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Henrik Hoel, telefon 48 13 61 94, e-post heh@oed.dep.no.
Tysdag 28. november
Om ettermiddagen er olje- og energiminister Terje Aasland i Stortinget i samband med behandlinga av saker på energifeltet.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Onsdag 29. november
Kl. 11.30: Olje- og energiminister Terje Aasland er til stades i den ordinære spørjetimen i Stortinget.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Torsdag 30. november
Kl. 08.30: Olje- og energiminister Terje Aasland har eit digitalt møte med Alcoa Lista AS. Tema for møtet er kraftsituasjonen.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Om ettermiddagen er olje- og energiminister Terje Aasland i Stortinget, der han svarer på ein interpellasjon om utbygging av kraftnett og betre utnytting av nettet.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Fredag 1. desember
Olje- og energiminister Terje Aasland reiser offshore for å delta på den offisielle opninga av Tommeliten A-feltet. Tommeliten A er eit felt i den sørlege delen av norsk sektor i Nordsjøen, 25 kilometer sørvest for Ekofiskfeltet. ConocoPhillips er operatør for feltet.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Fanny Løvholm, telefon 40 24 87 43, e-post fanny.lovholm@oed.dep.no.