Utdrag frå olje- og energiminister Terje Aaslands kalender for veke 48
Pressemelding | Dato: 25.11.2022 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.
Måndag 28. november
Kl. 15.30: Olje- og energiminister Terje Aasland og næringsminister Jan Christian Vestre møter Lindesnes kommune og WindPort. Tema for møtet er havvind. Møtet går føre seg i Olje- og energidepartementet.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Tysdag 29. november
Kl. 13.00: Olje- og energiminister Terje Aasland er til stades på Equinors haustkonferanse på Det Norske Teatret i Oslo. Aasland er tilgjengeleg for akkreditert presse i pausen, om lag kl. 14.30.
Pressekontaktar er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@oed.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Margrete Løbben Hanssen, telefon 92 85 78 91, e-post mlh@oed.dep.no.
Onsdag 30. november
Kl. 08.30: Olje- og energiminister Terje Aasland møter energiministeren og klimaministeren frå Jordan. Tema for møtet er det grønne skiftet og fornybar energi.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Kl. 11.30: Olje- og energiminister Terje Aasland er til stades i den ordinære spørjetimen i Stortinget.
Kl. 15.30: Olje- og energiminister Terje Aasland er tilgjengeleg for presse som ønskjer kommentarar til NVE sine rapportar om kraftsituasjonen og vassmagasina. Stad: Vandrehallen på Stortinget.
Torsdag 1. desember
Kl. 09.00: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på Desemberkonferansen i Kristiansund.
Stad: Caroline konferansesenter, Vågeveien 4.
Kl. 12.30: Olje- og energiminister Terje Aasland besøkjer Atlanten videregående skole i Kristiansund, der han skal halde innlegg og svare på spørsmål frå elevane om norsk energipolitikk.
Stad: Dalaveien 25.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Margrete Løbben Hanssen, telefon 92 85 78 91, e-post mlh@oed.dep.no.
Kl. 19.00: Olje- og energiminister Terje Aasland er til stades under finansdebatten i Stortinget.
Fredag 2. desember
Kl. 09.00: Olje- og energiminister Terje Aasland møter KS til bilateralt konsultasjonsmøte.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Kl. 13.00: Olje- og energiminister Terje Aasland besøkjer Lindums bioavfallsanlegg i Drammen, der han får ei orientering om eit pilotprosjekt for å utnytte spillvarme frå industrien. Bedrifta Tocircle har utvikla ein kompressor som kan føre til lågare energibruk og mindre utslepp av CO2.
Adresse: Lerpeveien 155, Drammen.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.