Utdrag frå olje- og energiminister Terje Aaslands kalender for veke 51
Pressemelding | Dato: 16.12.2022 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.
Søndag 18. og måndag 19. desember
Olje- og energiminister Terje Aasland er i Brussel. Søndag kveld deltek han på ministermøte i Nordsjøsamarbeidet (NSEC). Måndag morgon møter han Estlands energiminister Riina Sikkut for å snakke om energisituasjonen i Europa. Statsråden skal også ha møte med Noregs NATO-ambassadør Anita Nergaard og Noregs ambassadør til Belgia, Per Strand Sjaastad.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Tysdag 20. desember
Olje- og energiminister Terje Aasland besøkjer Melkøya i Hammerfest.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Onsdag 21. desember
Kl. 14.00: Olje- og energiminister Terje Aasland er tilgjengeleg for presse som ønskjer kommentarar til NVE sine rapportar om kraftsituasjonen og vassmagasina. Stad: Olje- og energidepartementet, Akersgata 59.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.