Utdrag frå olje- og energiminister Terje Aaslands kalender for veke 6

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 6. februar

Kl. 13.00: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på sentralstyremøte i Arbeidarpartiet.

Kl. 16.15: Olje- og energiminister Terje Aasland har møte med Aker og Statkraft. Tema for møtet er havvind.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

Tysdag 7.februar

Olje- og energiminister Terje Aasland besøkjer Stavanger og Sandnes.

Kl. 10.00: Statsråden deltek på Offshore Strategikonferansen i Stavanger.

Kl. 13.00:  Statsråden besøkjer Sandnes vidaregåande skule.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Benedicte Øhren Danielsen, telefon 92 43 66 40, e-post bd@oed.dep.no.

Onsdag 8. februar

Kl. 12.00: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på Climit Summit, der han skal snakke om regjeringa sitt arbeid med karbonfangst og -lagring. Konferansen går føre seg på Bølgen Kulturhus i Larvik.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

 

Kl. 18.45: Olje- og energiminister Terje Aasland deler ut prisen «Årets kraftkvinne». Arrangementet går føre seg på Det Gamle Biblioteket i Oslo.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

Torsdag 9.februar

Kl. 20.00: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på middag for det diplomatiske korps på Slottet.

Fredag 10.februar

Olje- og energiminister Terje Aasland besøkjer Trondheim, der han blant anna skal delta på innovasjonsfrukost hjå Trondheim Tech Port.            

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Iver Kleiven, telefon 99 34 28 00, e-post iver.kleiven@oed.dep.no.

Onsdag 1. og torsdag 2. mars

Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på kronprinsparets besøk til Storbritannia. Hovudmålet med besøket er å bidra til auka næringslivssamarbeid mellom Noreg og Storbritannia, med fokus på grøn industri og teknologiutvikling, og dessutan styrking av energisamarbeidet.

Presse som ønskjer å dekke besøket må akkreditere seg før måndag 13. februar. Informasjon om akkreditering og fleire detaljar om besøket finn du her.