Utdrag frå olje- og energiminister Terje Aaslands kalender for veke 7
Pressemelding | Dato: 11.02.2023 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.
Måndag 13. februar
Olje- og energiminister Terje Aasland reiser offshore for å delta på den offisielle opninga av Johan Sverdrup fase 2. Johan Sverdrup-feltet ligg på Utsirahøgda i Nordsjøen og er det tredje største oljefeltet på norsk sokkel. Equinor er operatør for feltet.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Margrete Løbben Hanssen, telefon 92 85 78 91, e-post mlh@oed.dep.no.
Tysdag 14. februar
Kl. 09.00: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på Vestlandskonferansen, der han skal delta i ein panelsamtale om energikrisa. Konferansen går føre seg i Grieghallen i Bergen.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Kl. 14.00: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på landsstyremøte i Arbeidarpartiet.
Onsdag 15. februar
Olje- og energiminister Terje Aasland er til stades på Oslo Energy Forum.
Kl. 07.30: Statsråden deltek på eit frukostmøte med Equinor og RWE om hydrogen. Arrangementet går føre seg på Grand Hotel i Oslo.
Kl. 14.15: Statsråden held innlegg og deltek i ein panelsamtale om korleis styresmaktene kan leggje til rette for energiomstillinga. Arrangementet går føre seg på Munchmuseet i Oslo.
I tillegg skal statsråden ha fleire bilaterale møte i samband med Oslo Energy Forum. Han møter blant anna Graham Stuart (Minister of State) i det britiske energidepartementet, FNs klimapanel IPCC, Wintershall Dea og Shell Global.
Pressekontaktar er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@oed.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Stine Grimsrud, telefon 97 19 42 50, e-post stgr@oed.dep.no.
Kl. 11.30: Olje- og energiminister Terje Aasland er til stades i den ordinære spørjetimen i Stortinget.
Torsdag 16. februar
Kl. 18.00: Olje- og energiminister Terje Aasland er til stades når sentralbanksjefen held sin årstale i Noregs Bank. Han deltek deretter på årsmiddagen til Noregs Bank.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Onsdag 1. og torsdag 2. mars
Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på kronprinsparets besøk til Storbritannia. Hovudmålet med besøket er å bidra til auka næringslivssamarbeid mellom Noreg og Storbritannia, med fokus på grøn industri og teknologiutvikling, og dessutan styrking av energisamarbeidet.
Presse som ønskjer å dekke besøket må akkreditere seg før måndag 13. februar. Informasjon om akkreditering og fleire detaljar om besøket finn du her.