Utdrag frå olje- og energiminister Terje Aaslands kalender for veke 8
Pressemelding | Dato: 17.02.2023 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.
Måndag 20. februar
Kl. 09.00: Olje- og energiminister Terje Aasland og barne- og familieminister Kjersti Toppe møter Fornybar Norge, Distriktsenergi og Samfunnsbedriftene energi for å diskutere arbeidet som blir gjort i bransjen for å lage ein standard spotprisavtale. Regjeringa har bedt bransjen om å få på plass standardiserte og meir forbrukarvennlege straumavtalar.
Møtet går føre seg i R5 i Akersgata 59. Det er mogleg å fotografere på starten av møtet. Oppmøte for fotografar kl. 08.45. Etter møtet, om lag kl. 09.40, er møtedeltakarane tilgjengelege for presse.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no eller pressevakta i Barne- og familiedepartementet på 97 77 36 34, e-post media@bfd.dep.no.
Tysdag 21.februar
Kl. 09.00: Olje- og energiminister Terje Aasland besøkjer industrien på Raufoss. Tema for besøket er kraftsituasjonen. Aasland møter blant anna representantar for NCE Manufacturing og VP Metal, og skal også besøkje Benteler.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Onsdag 22. februar
Kl. 11.30: Olje- og energiminister Terje Aasland er til stades i den ordinære spørjetimen i Stortinget.
Kl. 18.00: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på årsmøtet i Kongsberg Arbeiderparti.
Torsdag 23. februar
Olje- og energiminister Terje Aasland er i Stortinget i samband med behandlinga av fleire saker på energifeltet.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Kl. 18.00: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på årsmøtet i Stange Arbeiderparti.
Fredag 24. februar
Kl. 10.30: Olje- og energiminister Terje Aasland har eit digitalt møte med statsforvaltaren i Rogaland. Tema for møtet er flaumsikring av kommunesenteret i Sokndal kommune.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Måndag 27. og tysdag 28. februar
Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på EUs uformelle energiministermøte i Stockholm.
Statsråden skal blant anna delta i diskusjonar om elmarknadsdesign, forsyningssikkerheit og framtidige energiløysingar. Han skal også delta i ein fellessesjon med transportministrane.
Presse som ønskjer å dekkje besøket må akkrediterast.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.