Utdrag frå olje- og energiminister Terje Aaslands kalender for veke 9
Pressemelding | Dato: 23.02.2023 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.
Måndag 27. og tysdag 28. februar
Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på EUs uformelle energiministermøte i Stockholm. Statsråden skal blant anna delta i diskusjonar om elmarknadsdesign, forsyningssikkerheit og framtidige energiløysingar. Han skal også delta i ein fellessesjon med transportministrane.
Akkrediteringsfristen for presse er gått ut.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Onsdag 1. og torsdag 2. mars
Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på kronprinsparets besøk til Storbritannia. Hovudmålet med besøket er å bidra til auka næringslivssamarbeid mellom Noreg og Storbritannia, med fokus på grøn industri og teknologiutvikling, og dessutan styrking av energisamarbeidet.
Akkrediteringsfristen for presse er gått ut.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Stine Grimsrud, telefon 97 19 42 50, e-post stgr@oed.dep.no.
Torsdag 2. mars
Kl. 15.00: Olje- og energiminister Terje Aasland og landbruks- og matminister Sandra Borch møter sametingspresident Silje Karine Muotka. Tema for møtet er oppfølginga av Fosen-saka.
Møtet går føre seg i Olje- og energidepartementet i Akersgata 59. Det er mogleg for ein pool av fotografar å fotografere på starten av møtet. NTB og NRK eller TV2 er deltakarar i poolen. Desse fotografane må møte opp i resepsjonen i Akersgata 64 kl. 14.00.
Etter møtet, om lag kl. 16.00, er Aasland, Borch og Muotka tilgjengelege for presse. Dette skjer i Auditoriet i R5. Presse som ønskjer å delta på pressemøtet kan bruke hovudinngangen til R5 (Akersgata 59) i tidsrommet 15.05-15.50.
Me ber fotografar og journalistar om å akkreditere seg ved å sende ein e-post til info@oed.dep.no. Ta med gyldig pressekort og ID.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Informasjonen om dette møtet er oppdatert 2. mars kl. 12:40.