Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 11
Pressemelding | Dato: 08.03.2024 | Utanriksdepartementet
Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 11, 2024.
Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar blir kunngjorde i kalenderen på regjeringa.no.
Utanriksministeren og utviklingsministeren har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Utanriksministeren har i tillegg audiens hos kongen på Slottet kvar veke og jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Utanriksminister Espen Barth Eide
Måndag 11. mars
Kl. 11.30: Utanriksminister Espen Barth Eide har ein telefonsamtale med Moldova sin utanriksminister, Mihai Popșoi.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Tysdag 12. mars–13. mars
Utanriksminister Espen Barth Eide deltek på budsjettkonferansen til regjeringa.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Torsdag 14. mars
Utanriksminister Espen Barth Eide møter Tyskland sin utanriksminister, Annalena Baerbock. Stad: Berlin, Tyskland.
Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim
Onsdag 13. mars
Kl. 17.00: Nordisk samarbeidsminister Anne Beathe Tvinnereim er til stades under ei mottaking for filmen «Hammarskjöld». Stad: Sveriges ambassade, etterfylgd av filmframsyning på Klingenberg Kino.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Sundag 17. mars
Kl. 18.00: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim er til stades på Forsvarsministerens festkonsert. Stad: Oslo Konserthus.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Maria Varteressian
Måndag 11. mars–12. mars
Statssekretær Maria Varteressian er i Trondheim for å treffe NTNU og SINTEF, og for å delta i ein panelsamtale på «NTNU Energy Transition Conference». Stad: Trondheim.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Onsdag 13. mars – 14. mars
Statssekretær Maria Varteressian er i Lisboa for å delta på «The Economist's World Ocean Summit», og for bilaterale samtalar med portugisiske partnarar på hav. Statssekretæren skal òg besøkje Sea Control Center CMAR, som har fått støtte gjennom EØS-midlane. Stad: Lisboa, Portugal.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Fredag 15. mars
Kl. 11.30: Statssekretær Maria Varteressian er vert for ein «Women in Energy»-lunsj saman med chargé d'affaires a.i. ved den amerikanske ambassaden, Sharon Hudson-Dean.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Eivind Vad Petersson
Torsdag 14. mars
Kl. 09.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson deltek på Rederiforbundet sin årskonferanse.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik
Tysdag 12. mars
Kl. 10.00: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik har eit digitalt møte med spesialrapportør for Palestina, Francesca Albanese.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Fredag 15. mars
Kl. 08.30: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik har eit digitalt møte med Thailand sin viseutanriksminister, Sihasak Phuangketkeow.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Kl. 14.30: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik har eit møte med direktøren for «Rådet for vitenskap og industriforskning» (CSIR) i India, Dr. (Mrs.) N. Kalaiselvi. Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Bjørg Sandkjær
Måndag - torsdag 11-14. mars
Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på FNs kvinnekommisjon (CSW). Stad: New York, USA.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Fredag 15. mars
Kl. 11.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær har eit møte med Rwandas nordiske ambassadør, Diane Gashumba. Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Kl. 13.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær er til stades på humanitært forum om kvinner i Afghanistan, arrangert av Raudekrossen.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Kl. 14.30 Statssekretær Bjørg Sandkjær har eit møte med Education Cannot Wait (ECW) sin direktør, Yasmine Sherif. Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Kl. 15.30: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på kvinnedagsarrangementet «Hvorfor trenger verden flere som Sigrun og Gro?». Tema er kjønnslikestilling i global helseleiing, og dei to føregangskvinnene Gro Harlem Bruntland og Sigrun Møgedal er begge til stades. Arrangørar er Universitetet i Oslo, Norad og Women in Global Health Norway. Stad: Domus Bibliotheca, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.