Presseinformasjon:
Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 12
Pressemelding | Dato: 15.03.2024 | Utanriksdepartementet
Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 12, 2024.
Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar blir kunngjorde i kalenderen på regjeringa.no.
Utanriksministeren og utviklingsministeren har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Utanriksministeren har i tillegg audiens hos kongen på Slottet kvar veke og jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Utanriksminister Espen Barth Eide
Tysdag 19. mars
Kl. 09.45: Utanriksminister Espen Barth Eide har eit møte med leiaren for Den internasjonale organisasjonen for migrasjon (IOM), Amy Pope. Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Kl. 11.30: Utanriksminister Espen Barth Eide har eit møte med leiaren i Noregs fotballforbund, Lise Klaveness. Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Kl. 17.30: Utanriksminister Espen Barth Eide har ein telefonsamtale med Guatemalas utanriksminister, Carlos Ramiro.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Onsdag 20. mars
Utanriksminister Espen Barth Eide deltek på Responskonferansen i Stavanger.
Torsdag 21. mars
Kl. 11.00: Utanriksminister Espen Barth Eide har eit møte med Norwegian-African Business Association (NABA). Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Kl. 12.00: Utanriksminister Espen Barth Eide har eit møte med Ugandas utanriksminister, Jeje Odongo. Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim
Torsdag 21. mars
Kl. 08.30: Nordisk samarbeidsminister Anne Beathe Tvinnereim held opningsinnlegget på Nordisk ministerråd og Info Norden si markering av "Nordens dag". Temaet er nordiske demokrati i møte med kunstig intelligens. Stad: Stortinget, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Maria Varteressian
Måndag 18. mars
Kl. 13.00: Statssekretær Maria Varteressian har eit møte med Stortingets arktiske delegasjon. Stad: Stortinget, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Onsdag 20. mars–21. mars
Statssekretær Maria Varteressian er i Paris. Ho skal mellom anna møte sin kollega i det franske utenriksdepartementet, Jean-Noël Barrot.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Eivind Vad Petersson
Onsdag 20. mars–21.mars
Statssekretær Eivind Vad Petersson er i Armenia.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik
Måndag 18. mars
Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik deltek på «European Humanitarian Forum» der han mellom anna skal delta i ein paneldebatt om «Protecting Civilians in Conflict and Recovery. Explosive Weapons in Populated Areas and the link to Landmines and Explosive Ordnance Contamination». Stad: Brussel, Belgia.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Tysdag 19. mars
Kl. 10.00: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik har eit møte med generalsekretæren og leiaren for det globale plastarbeidet i WWF, Karoline Andaur og Eirik Lindebjerg. Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Onsdag 20. mars
Kl. 13.30: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik har eit møte med Etisk Handel Norge om ansvarlig næringsliv. Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Bjørg Sandkjær
Måndag 18. mars
Kl. 18.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær er vert for ein arbeidsmiddag for generaldirektør Amy Pope i Den internasjonale organisasjonen for migrasjon (IOM).
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Tysdag 19. mars
Kl. 15.30: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek i eit møte for å førebu Stortinget sin internasjonale parlamentarikarkonferanse om seksuelle og reproduktive rettar som skal vere i Oslo 10-12 april. Møtet finn stad hos organisasjonen Sex og Politikk.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Torsdag 21. mars
Kl. 09.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på Norad si lansering av evalueringa av «helhetlig innsats» for bistand. Stad: Norad, Bygdøy Alle 2.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.