Presseinformasjon:
Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 14
Pressemelding | Dato: 02.04.2024 | Utanriksdepartementet
Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 14, 2024.
Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar blir kunngjorde i kalenderen på regjeringa.no.
Utanriksministeren og utviklingsministeren har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Utanriksministeren har i tillegg audiens hos kongen på Slottet kvar veke og jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Utanriksminister Espen Barth Eide
Onsdag 3. april–4. april
Utanriksminister Espen Barth Eide deltek på Nato sitt utanriksministermøte.
Dette er dagen Nato markerer sin 75-årsdag. Utanriksministeren vil òg ha møte med ulike kollegaer i samband med utanriksministermøtet. Stad: Brussel, Belgia.
Statssekretær Maria Varteressian
Onsdag 3. april – 4. april
Statssekretær Varteressian følgjer Kronprins Haakon på offisielt besøk til Litauen. Ho skal òg ha samtalar med litauiske kollegaer, det litauiske parlamentet og forskarar.
Fredag 5. april
Statssekretær Varteressian er i Riga for å ha samtalar i latvisk UD, klima- og miljødepartementet og økonomidepartementet. Ho har òg eit møte i Nato sitt strategiske kommunikasjonssenter. Stad: Riga, Latvia.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Eivind Vad Petersson
Tysdag 2. april
Statssekretær Eivind Vad Petersson deltek på konferansen «Restoring Justice for Ukraine». Stad: Haag, Nederland.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Torsdag 4. april
Statssekretær Eivind Vad Petersson er til stades på Nato sitt utanriksministermøte. Han skal òg ha møter med EU. Stad: Brussel, Belgia.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik
Tysdag 2. april–5. april
Statssekretær Andre Motzfeldt Kravik besøker Venezuela og USA for politiske samtalar.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.