Presseinformasjon:
Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 16
Pressemelding | Dato: 12.04.2024 | Utanriksdepartementet
Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 16, 2024.
Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar blir kunngjorde i kalenderen på regjeringa.no.
Utanriksministeren og utviklingsministeren har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Utanriksministeren har i tillegg audiens hos kongen på Slottet kvar veke og jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Utanriksminister Espen Barth Eide
Fredag 19. april
Kl. 19.00: Utanriksminister Espen Barth Eide deltek i ein sofasamtale med Studentparlamentet ved UiO. Stad: UiO, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim
Måndag 15. april
Kl. 10.00: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim held eit innlegg under opninga av Flyktninghjelpen sitt "Global Strategy Seminar". Stad: Støtvig hotel, Larkollen.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Onsdag – fredag 17-19. april
Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på Verdsbanken sitt vårmøte i Washington D.C.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Maria Varteressian
Måndag 15. april–17. april
Statssekretær Maria Varteressian er til stades i Aten for å delta på konferansen «Our Ocean». Statssekretæren møter også greske kollegaer frå statsministerens kontor, leiar for den greske menneskerettskommisjon, samt viseutanriksminister Alexandra Papadopoulou. Stad: Athen, Hellas.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Eivind Vad Petersson
Tysdag 16. april
Statssekretær Eivind Vad Petersson har eit møte med statssekretær Péter Sztáray frå det ungarske utanriksdepartementet. Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik
Onsdag 17. april
Statssekretær Andre Motzfeldt Kravik er til stades på konferansen «The Berlin Moot». Stad: Berlin, Tyskland.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Torsdag 18. april
Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik har eit møte med Leger uten grenser.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Bjørg Sandkjær
Måndag 15. april
Statssekretær Bjørg Sandkjær er i Paris der ho deltek på ein humanitær konferanse om Sudan, arrangert av Frankrike og Den europeiske unionen (EU).
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Torsdag 18. april
Kl 11.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær har eit møte med Carin Smaller, leiar for Shamba Centre for Food & Climate. Stad: Utanriksdepartementet.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Kl 14.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek i ein panelsamtale under Universitetet i Oslo og UiO:Demokrati sin årskonferanse "Demokratikonferansen 2024". Stad: Helga Engs hus, Blindern.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Fredag 19. april
kl 14.30: Statssekretær Bjørg Sandkjær inviterer sivilt samfunn til eit innspelsmøte i forkant av Finansiering for Utvikling (FfU)-forumet som finn stad 22-25. april i New York. Stad: Utanriksdepartementet.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.