Presseinformasjon:
Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 17
Pressemelding | Dato: 21.04.2023 | Utanriksdepartementet
Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 17, 2023.
Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.
Utanriksminister Anniken Huitfeldt
Tysdag 25. april
Kl. 10.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt er til stades i Stortinget i samband med at kontroll- og konstitusjonskomiteens sak om regjeringas handtering av krigen i Ukraina skal behandlast. Stad: Stortinget, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Kl. 12.30: Utanriksminister Anniken Huitfeldt har eit møte med Slovenia sin ambassadør til Noreg, Mihael Zupancic.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim
Onsdag 26. april
Kl. 0900: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på sivilsamfunnets utviklingspolitiske spørjetime, skipa til av Forum for utvikling og miljø (ForUM). Stad: Litteraturhuset, Oslo.
Pressekontakt: Ane Jørem, 977 96 246
Kl. 12.00: Nordisk samarbeidsminister Anne Beathe Tvinnereim tek del i eit digitalt møte med sine nordiske samarbeidsminister-kollegaar.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Statssekretær Eivind Vad Petersson
Måndag 24. april
Statssekretær Eivind Vad Petersson vitjar London og skal mellom anna møte statssekretær Leo Docherty i britisk UD.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Tysdag 25. april
Kl. 13.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson har eit møte med Raudekrossen. Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Onsdag 26. april
Kl. 11.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson har eit møte med Reiarforbundet. Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Kl. 18.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson deltek på eit debattmøte om krigen i Ukraina skipa til av Det Norske Videnskaps-Akademi.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Torsdag 27. april
Kl. 13.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson har eit møte med viseminister Ms. Gunda Reire frå Latvias utanriksdepartement. Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Fredag 28. april
Kl. 11.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson har eit møte med statssekretær i svensk UD, Jan Knutsson. Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Statssekretær Bjørg Sandkjær
Måndag 24. april
Kl. 10.00: Statssekretær Sandkjær tek del på klimautvalets lansering av ein rapport om klimafinansiering. Stad: Litteraturhuset, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Kl. 13.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær møter Slovenia sin nye ambassadør, Mihael Zupančič på sitt kontor.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Torsdag 27. april
Kl. 09.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek i ein paneldebatt på Redd Barna og UNICEF Norge sitt seminar «Life-saving jabs: How do we recover the child vaccination gap and accelerate our efforts to reach the 2030 immunization goals», som finn stad i samband med verdas vaksineveke. Stad: Mesh Youngstorget.
Pressekontakt: Ane Jørem, 977 96 246
Kl. 15.15: Statssekretær Bjørg Sandkjær møter "Multilateral Organisation Performance Assessment" (MOPAN) sin leiar Suzanne Steensen. Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Fredag 28. april
Kl. 08.30: Statssekretær Bjørg Sandkjær tek del i eit frukostmøte om felles klimautfordringar og FNs naturavtale. Stad: Treeiningskyrkja, Oslo.
Pressekontakt: Ane Jørem, 977 96 246