Presseinformasjon:
Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 17
Pressemelding | Dato: 19.04.2024 | Utanriksdepartementet
Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 17, 2024.
Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar blir kunngjorde i kalenderen på regjeringa.no.
Utanriksministeren og utviklingsministeren har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Utanriksministeren har i tillegg audiens hos kongen på Slottet kvar veke og jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Utanriksminister Espen Barth Eide
Tysdag 23. april
Kl. 10.00: Utanriksminister Espen Barth Eide held ei utgreiing om viktige EU- og EØS-spørsmål. Stad: Stortinget
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Kl. 15.00: Utanriksminister Espen Barth Eide deltek på FN sitt høgnivåseminar for «Gender and Inclusive Mediation Strategies». Stad: Soria Moria, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Onsdag 24. april
Kl. 11.00: Utanriksminister Espen Barth Eide er i Stortingets ordinære spørjetime. Stad: Stortinget, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Kl. 14.00: Utanriksminister Espen Barth Eide har eit møte med generalsekretæren i EFTA, Siri Veseth Meling. Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Fredag 26. april
Kl. 09.00: Utanriksminister Espen Barth Eide møter Georgia sin utanriksminister, Ilia Darchiashvili. Stad: Regjeringa sin representasjonsbustad, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Kl. 15.30: Utanriksminister Espen Barth Eide er til stades på konferansen «Nuke Expo» skipa til av Norsk folkehjelp. Stad: Nasjonalmuseet, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim
Tysdag 23. april
Kl 10.00: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim er til stades under behandlinga av «Nansen-programmet for Ukraina». Stad: Stortinget, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Kl 10.30: Nordisk samarbeidsminister Anne Beathe Tvinnereim er til stades under behandlinga av «Rapport til Stortinget fra Stortingets delegasjon til Nordisk råd». Stad: Stortinget, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Fredag 26. april
Kl 09.00 Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på lanseringa av FNs utviklingsprogram (UNDP) sin Human Development Report (HDR). Stad: Norad, Bygdøy allé 2.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Kl 13.30 Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim har eit møte med aktørar frå sivilt samfunn i samband med lanseringa av revidert humanitær strategi. Stad: Regjeringa sin representasjonsbustad, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Maria Varteressian
Måndag 22. april–24. april
Statssekretær Maria Varteressian er i Praha for å delta på opninga av minnesmerket for romfolkets Holocaust i Lety, saman med president Pavel. Ho skal òg ha samtalar med tsjekkiske styresmakter, tankesmier og studentar og fakultetsmedlemmer ved Karlsuniversitetet. Stad: Praha, Tsjekkia.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Onsdag 24. april–25. april
Statssekretær Maria Varteressian deltek på den største industrimessa i verda i Hannover, der Noreg er partnarland. Stad: Hannover, Tyskland.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Eivind Vad Petersson
Måndag 22. april
Kl.19.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson er vert for ei mottaking i samband med eit møte om eksplosive våpen i folkesette områder (EWIPA).
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik
Måndag 22. april
Kl. 09.15: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik har eit møte med leiaren for «Palestinian Center for Human Rights».
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Kl. 15.30: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik møter presidenten for Palestinas raude halvmåne (PRCS).
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Tysdag 23. april
Kl.09.00: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik opnar ein internasjonal konferanse i Oslo om eksplosive våpen i folkesette områder (EWIPA).
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Kl. 10.00: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik møter Costa Rica sin viseutanriksminister, Alejandro Solano.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Kl. 11.00: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik skal ha eit telefonmøte med Bosnia-Hercegovina sin utanriksminister.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
25. og 26. april
Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik er i Filippinene for bilaterale samtalar. Stad: Manila, Filippinene.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Bjørg Sandkjær
Måndag-tysdag 22-23. april
Statssekretær Bjørg Sandkjær er i New York der ho deltek på forum for utviklingsfinansiering i FN (Financing for Development – FfD).
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.