Presseinformasjon:

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 18

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 18, 2024.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar blir kunngjorde i kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksministeren og utviklingsministeren har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Utanriksministeren har i tillegg audiens hos kongen på Slottet kvar veke og jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Utanriksminister Espen Barth Eide

Måndag 29. april

Utanriksminister Espen Barth Eide møter Finlands president Alexander Stubb og utanriksminister Elina Valtonen. Stad: Helsingfors, Finland.

Tysdag 30. april

Kl. 07.45: Utanriksminister Espen Barth Eide møter leiaren for den belarusiske demokratirørsla, Svjatlana Tsikhanowskaja. UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 10.00: Utanriksminister Espen Barth Eide er på Stortinget under debatten om utgreiinga av viktige EU/EØS-sakar. Stad: Stortinget, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 1. mai

Utanriksminister Espen Barth Eide deltek på ulike arrangement i høve 1. mai. Stad: Grenland, Telemark.

Torsdag 2. mai–fredag 3. mai

Utanriksminister Espen Barth Eide deltek på eit nordisk-afrikansk utanriksministermøte. Stad: København, Danmark.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim

Måndag 29. april

Kl. 08.30: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim har eit møte med Jagan Chapagain, generalsekretær i Raude Krossen/Raude Halvmåne-rørsla (IFRC). Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Tysdag 30. april

Kl. 12.30: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim har eit møte med seks humanitære organisasjonar saman med statsministeren. Stad: Norsk Folkehjelp, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Maria Varteressian

Måndag 29. april–tysdag 30. april

Statssekretær Maria Varteressian deltek på regionalt nordområdeforum saman med representantar frå fylkeskommunane, Sametinget og andre departement. Stad: Vadsø, Finnmark.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 2. mai:

Statssekretær Maria Varteressian held innlegg og deltek i ein diskusjon på 5-årsmarkeringa for Nord-Noregs Hus i Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik

Måndag 29. april–tysdag 30. april.

Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik deltek på årleg møte med ASEAN sitt sekretariat (Association of Southeast Asian Nations). Han vil òg ha møter med indonesiske styresmakter. Stad: Jakarta, Indonesia.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 2. mai

Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik deltek på OECDs ministerrådsmøte. Stad: Paris, Frankrike.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Søndag 5. mai–måndag 6. mai

Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik deltek på Europakonferansen om demokrati og menneskerettar. Stad: Kristiansand, Agder.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Bjørg Sandkjær

Måndag 29. april–tysdag 30. april

Statssekretær Bjørg Sandkjær er i New York der ho deltek på Dei sameinte nasjonane (SN) sin befolkningskommisjon.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 2. mai

Statssekretær Bjørg Sandkjær har eit møte med SOS barnebyer om born sine rettar i norsk utviklingspolitikk.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.