Presseinformasjon:

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 21

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 21, 2023.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.

Utanriksminister Anniken Huitfeldt

Måndag 22. mai

Kl. 09.30: Utanriksminister Anniken Huitfeldt har eit møte med honorære konsular til Noreg. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 10.30: Utanriksminister Anniken Huitfeldt har eit møte med fagforeininga Delta. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 23. mai – onsdag 24. mai

Utanriksminister Anniken Huitfeldt vitjar Paris og Brussel. Ho skal mellom anna møte Frankrikes utanriksminister og delta i EØS-rådet.

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim

Måndag 22. mai – Fredag 26. mai

Utviklingsministeren vitjar Mosambik. Statsråden vil delta på feltbesøk, samt møte representantar frå regjeringa, sivilsamfunnet og internasjonale organisasjonar.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Eivind Vad Petersson

Tysdag 23. mai – onsdag 24. mai

Statssekretær Eivind Vad Petersson er i Madrid.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Erling Rimestad

Måndag 22. mai

Kl. 12.00: Statssekretær Erling Rimestad er til stades på eit møte i NHO sitt handelspolitiske utval. Stad: Næringslivets hus, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 23. mai

Statssekretær Erling Rimestad deltek på World Expression Forum (WEXFO). Stad: Lillehammer.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 25. mai

Statssekretær Erling Rimestad held tale under opninga av landsmøtet i FN-sambandet. Stad: Næringslivets hus, Oslo.

Statssekretær Bjørg Sandkjær

Måndag 22. mai

Kl. 12.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær møter representantar for organisasjonane Religions for Peace og Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn (STL). Stad: UD.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 23-mai – Torsdag 25. mai

Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på årsmøtet til Afrikabanken i Sharm el-Sheik, Egypt.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02