Presseinformasjon:
Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 21
Pressemelding | Dato: 16.05.2024 | Utanriksdepartementet
Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 21, 2024.
Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar blir kunngjorde i kalenderen på regjeringa.no.
Utanriksministeren og utviklingsministeren har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Utanriksministeren har i tillegg audiens hos kongen på Slottet kvar veke og jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Utanriksminister Espen Barth Eide
Torsdag 23. mai
Kl. 16.30: Utanriksminister Espen Barth Eide møter leiaren av utanrikskomiteen frå Tyrkia sitt parlament, Fuat Oktay.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Fredag 24. mai
Kl. 10.00: Utanriksminister Espen Barth Eide møter vinnaren av Raftoprisen, Khaled Quzmar.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim
Torsdag 23. mai
Nordisk samarbeidsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim møter sin svenske kollega Jessika Roswall i Stockholm. Ho deltek òg i eit rundebord med mellom anna Norsk-svenska handelskammaren om utvalde grense- eller handelshindre.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Bjørg Sandkjær
Tysdag 21. mai
Kl. 10.15: Statssekretær Bjørg Sandkjær har eit møte med Verdsbanken sin nestleiar Axel van Trotsenburg. Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Kl .13.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær opnar den fyrste generalforsamlinga for internasjonalt forum i Total Official Support for Sustainable Development (TOSSD). Stad: Norad.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Torsdag 23. mai
Kl. 11.30: Statssekretær Bjørg Sandkjær held tale ved «Africa Day Celebration». Stad: Kulturhistorisk museum, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.