Presseinformasjon:

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 22

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 22, 2024.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar blir kunngjorde i kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksministeren og utviklingsministeren har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Utanriksministeren har i tillegg audiens hos kongen på Slottet kvar veke og jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Utanriksminister Espen Barth Eide

Måndag 26. mai–28. mai

Utanriksminister Espen Barth Eide er i Brussel 26.–28. mai for å ha møte om Palestina og ein konferanse om den humanitære situasjonen i Syria. Han skal òg delta på det halvårlege møtet i EØS-rådet.

Onsdag 29. mai

Kl. 14.30: Utanriksminister Espen Barth Eide er til stades på Statkraftkonferansen. Stad: Skur 33, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 30. mai–31. mai

Utanriksminister Espen Barth Eide deltek på eit uformelt utanriksministermøte i Nato. Stad: Tsjekkia.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim

Måndag 27. mai

Kl. 09.00: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på markeringa av Plusspartnerordninga. Stad: Norad, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 10.30: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på eit møte med Norwegian-African Business Association (NABA). Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 29. mai

Kl. 13.30: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på rundebordsmøte saman med givarar til Gaza, med blant anna Samantha Power frå United States Agency for International Development (USAID).

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 17.30: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på markeringa av Italia sin nasjonaldag i regi av den italienske ambassaden i Oslo. Stad: Oslo konserthus.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 30. mai

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på arrangement i tilknytning til styremøte i «Alliance to end plastic waste». Stad: London, Storbritannia.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Maria Varteressian 

Mandag 27. mai

Statssekretær Maria Varteressian møter honorære konsular frå Sverige, Danmark, Finland, Island, Litauen, Færøyane og Grønland. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 30. mai

Statssekretær Maria Varteressian deltek på konferansen «Arctic Congress». Stad: Bodø.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Eivind Vad Petersson 

Onsdag 29. mai 

Kl. 09.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson har eit møte med FN sin spesialrapportør for ytringsfridom, Irene Khan. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.  

Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik 

Søndag 26. april–28. april 

Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik deltek på FN\ sin fjerde internasjonale konferanse for «Small Island Developing States» (SIDS4). Stad: Antigua og Barbuda.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.  

Fredag 31. mai

Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik har eit møte med den politiske komiteen i Europarådet sin parlamentarikarforsamling (PACE). Stad: Stortinget, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.  

Statssekretær Bjørg Sandkjær

Mandag 27. mai–1.juni

Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på årsmøte i Den afrikanske utviklingsbanken (ADB) i Nairobi og har deretter eit bilateralt besøk til Kenya.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.