Presseinformasjon:
Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 23
Pressemelding | Dato: 31.05.2024 | Utenriksdepartementet
Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 23, 2024.
Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar blir kunngjorde i kalenderen på regjeringa.no.
Utanriksministeren og utviklingsministeren har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Utanriksministeren har i tillegg audiens hos kongen på Slottet kvar veke og jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Utanriksminister Espen Barth Eide
Måndag 3. juni
Kl. 11.30: Utanriksminister Espen Barth Eide er til stades på lanseringa av den nye rettleiaren «kvinner, fred og tryggleik». Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Kl. 14.30: Utanriksminister Espen Barth Eide deltek i ein panelsamtale i samband med Oslo Freedom Forum. Stad: Oslo konserthus, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Onsdag 5. juni–7. juni
Utanriksminister Espen Barth Eide er i Kenya og Etiopia. Han skal mellom anna ha møte med Den afrikanske union og FN, samt bilaterale møte. Stad: Nairobi, Kenya.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim
Måndag 3. juni–6. juni
Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim er på eit bilateralt besøk i Guatemala.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Fredag 7. juni–8. juni
Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på den internasjonale havkonferansen «UN Ocean Conference». Stad: Costa Rica.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Maria Varteressian
Onsdag 5. juni
Kl. 09.00: Statssekretær Maria Varteressian deltek på opninga av eit styringskomitemøte for Verdensbankfondet for reduksjon av metan og fakling. Stad: Equinor sine lokale, Fornebu.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Eivind Vad Petersson
Torsdag 6. juni
Kl. 13.45: Statssekretær Eivind Vad Petersson har eit møte med FN sin spesialrapportør for menneskerettar i Russland, Mariana Katzarova. Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik
Torsdag 6. juni
Kl. 09.00: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik held opningsinnlegg på konferansen «30 Years after the Genocide in Rwanda», skipa til av Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret) og PRIO sitt Gender, Peace and Security Center. Stad: PRIO sine lokalar, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Bjørg Sandkjær
Tysdag 4. juni
Kl. 11.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær held opningsinnlegget ved The Nature Conservancy sin "Europe Retreat". Stad: Soria Moria Hotell, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Kl. 14.45: Statssekretær Bjørg Sandkjær har eit møte med leiar i den internasjonale sivilsamfunnsorganisasjonen Building Resources Across Communities (BRAC), Shameran Abed. Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Onsdag 5. juni
Kl. 08.30: Statssekretær Bjørg Sandkjær held innlegg ved Norges Vel sitt medlemsmøte.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Kl. 11.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær har eit møte med Verdens naturvernunion (IUCN). Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Kl. 15.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær har eit møte med leiar for Det globale fondet for kampen mot aids, tuberkulose og malaria, Peter Sands. Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Kl. 16.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær har eit møte med Gargee Ghosh frå Bill & Melinda Gates Foundation. Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Torsdag 6. juni
Kl. 09.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær held innlegg ved opninga av Lancet-kommisjonen sitt møte om helseinvesteringer. Stad: Voksenåsen hotell, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.