Presseinformasjon:

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 24

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 24, 2024.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar blir kunngjorde i kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksministeren og utviklingsministeren har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Utanriksministeren har i tillegg audiens hos kongen på Slottet kvar veke og jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Utanriksminister Espen Barth Eide

Måndag 10. juni

Kl. 08.30: Utanriksminister Espen Barth Eide har eit møte med Stortinget sitt Europautval. Stad: Stortinget, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Tysdag 11. juni–12. juni

Utanriksminister Espen Barth Eide er til stades på Oslo Forum. Stad: Losby gods, Lørenskog.

Torsdag 13. juni–14. juni

Utanriksminister Espen Barth Eide deltek på møte i Østersjørådet (utanriksministermøte) i Finland.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim

Måndag 10. juni–11. juni

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim vitjar Jordan.

Torsdag 13. juni

Kl. 13.15: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim møter Den internasjonale Raudekross-komiteen (ICRC) sin nye generaldirektør Pierre Krähenbühl.  Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Fredag 14. juni

Kl. 15.00 Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim har eit møte med Innovasjon Norge sin administrerande direktør, Håkon Haugli.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Maria Varteressian 

Tysdag 11. juni

Kl. 08.30: Statssekretær Maria Varteressian er til stades på eit frukostseminar om valet i Europaparlamentet, i regi av Rederiforbundet.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 12. juni–13. juni

Statssekretær Maria Varteressian besøkjer Polen. Der skal statssekretæren mellom anna ha samtalar med Polens viseutanriksminister, visejustisminister. Ho skal òg møte representantar frå det sivile samfunnet og næringslivet.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Eivind Vad Petersson 

Måndag 10. juni–12. juni 

Statssekretær Eivind Vad Petersson deltek på ein gjenoppbyggingskonferanse for Ukraina. Stad: Berlin, Tyskland.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.  

Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik 

Måndag 10. juni

Kl. 15.00: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik møter Molly Phee, Assistant Secretary, Bureau of African Affairs og Mike Hammer, USA sin spesialutsending for Afrikas Horn.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.  

Tysdag 11. juni–12. juni

Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik er til stades på Oslo Forum. Stad: Losby gods, Lørenskog.

Torsdag 13. juni

Kl. 13.10: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik opnar eit informasjonsmøte med sivilt samfunn om global helse, pandemitraktaten og ny strategi mot antimikrobiellresistens.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.  

Kl. 14.00: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik held eit innlegg på Antikorrupsjonskonferansen, og deltek i ein paneldebatt om korrupsjon og omgåing av sanksjonar.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.  

Fredag 14. juni

Kl. 10.15: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik har eit møte med FN sitt Fredsbyggingsfond.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.  

Kl. 13.00: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik har, saman med statssekretær Bjørg Sandkjær, eit møte med Stortinget og sivilt samfunn om prioriteringane for FN sin generalforsamling.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.  

Statssekretær Bjørg Sandkjær

Måndag 10. juni

Kl. 9.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på eit rundebord om likestilling og kvinner sine rettar i utanrikspolitikken. Arrangør er FOKUS - Forum for kvinner og utviklingsspørsmål. Stad: Den tunisiske ambassaden, Drammensveien.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.  

Tysdag 11. juni

Kl. 9.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær møter landdirektørane i Sudan frå ei rekkje norske humanitære organiasjonar. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.  

Kl. 11.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær møter Ulrika Richardson, Resident Coordinator (RC) og spesialrepresentant (DSRSG) for FN på Haiti. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.  

Fredag 14. juni

Kl. 14.30: Statssekretær Bjørg Sandkjær har, saman med statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik, eit møte med Bruno Lemarquis, spesialrepresentant (DSRSG) for FN i Den demokratiske republikken Kongo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.