Presseinformasjon:

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 3

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 3, 2024.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar blir kunngjorde i kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksminister Espen Barth Eide

Måndag 15. januar–19. januar.

Utanriksminister Espen Barth Eide deltek på Verdas økonomiske forum. Stad: Davos, Sveits.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim

Måndag 15. januar­–18. januar

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på Verdas økonomiske forum. Stad: Davos, Sveits.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Maria Varteressian 

Måndag 15. januar–16. januar

Statssekretær Maria Varteressian har bilaterale møter i Paris. Ho deltek òg på signeringa av grøn industripartnarskap saman med Næringsministeren. Stad: Paris, Frankrike.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik

Tysdag 16. januar

Kl. 09.00: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik deltek på eit innspelsmøte om regjeringa sin Afrikastrategi. Stad: NHO sitt konferansesenter, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Bjørg Sandkjær

Onsdag 17. januar

Kl. 18.30: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på ein middag for CNN-korrespondenten Nima Elbagir som skal halde Institutt for fredsforskning (PRIO) sin «Annual Peace Address».

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 18 januar

Kl. 16.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær er til stades på Institutt for fredsforskning (PRIO)s «Annual Peace Address». Stad: PRIO, Hausmanns gate 3, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.