Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 33

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 33, 2024.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar blir kunngjorde i kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksministeren og utviklingsministeren har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Utanriksministeren har i tillegg audiens hos kongen på Slottet kvar veke og jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Utanriksminister Espen Barth Eide  

Måndag 12. – torsdag 15. august

Utanriksminister Espen Barth Eide deltek på fleire arrangement under Arendalsveka, mellom anna om klima, tryggingspolitikk og situasjonen i Midtausten. Stad: Arendal, Agder.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Fredag 16. august

Kl.09.00: Utanriksminister Espen Barth Eide møter senator Lindsey Graham frå USA. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim

Måndag 12. – torsdag 15. august

Utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim deltek på fleire arrangement under Arendalsveka, mellom anna om berekraftige matsystem og Den store utviklingsdebatten. Stad: Arendal, Agder. 
 
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Maria Varteressian

Måndag 12. – onsdag 14. august

Statssekretær Maria Varteressian deltek på fleire arrangement under Arendalsveka. Stad: Arendal, Agder.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Eivind Vad Petersson 

Måndag 12. august

Kl. 17:30: Statssekretær Eivind Vad Petersson deltek på feiring av Pakistans sjølvstendedag. Stad: Utsikten selskapslokale, Oslo  
 
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 14. august

Statssekretær Eivind Vad Petersson deltek på fleire arrangement under Arendalsveka. Stad: Arendal, Agder.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik

Måndag 12. – onsdag 14. august

Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik deltek på fleire arrangement under Arendalsveka. Stad: Arendal, Agder.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Bjørg Sandkjær

Måndag 12. – onsdag 14. august

Statssekretær Bjørg Sandkjær besøkjer Ghana og Nigeria saman med dei nordiske utanriksministrane. 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.