Presseinformasjon:
Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 35
Pressemelding | Dato: 23.08.2024 | Utanriksdepartementet
Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 35, 2024.
Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar blir kunngjorde i kalenderen på regjeringa.no.
Utanriksministeren og utviklingsministeren har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Utanriksministeren har i tillegg audiens hos kongen på Slottet kvar veke og jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Utanriksminister Espen Barth Eide
Måndag 26. august
Utanriksminister Espen Barth Eide er til stades på konferansen Offshore Northerns Seas (ONS). Stad: Stavanger, Rogaland.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Tysdag 27.–28. august
Utanriksminister Espen Barth Eide deltek på regjeringa si budsjettkonferanse.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Torsdag 29.– 30. august
Utanriksminister Espen Barth Eide er i Sør-Afrika. Han skal mellom anna treffe fleire sørafrikanske ministrar, inkludert utanriksminister Ronald Lamola. Han skal dessutan treffe norske bedrifter i Sør-Afrika.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim
Tysdag 27.–28. august
Utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim deltek på regjeringa si budsjettkonferanse.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Eivind Vad Petersson
Måndag 26. august
Statssekretær Eivind Vad Petersson er til stades på konferansen ONS. Stad: Stavanger, Rogaland.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Fredag 30.–31. august
Statssekretær Eivind Vad deltek på konferansen «GLOBSEC Forum 2024». Stad: Praha, Tsjekkia.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik
Onsdag 28. august–30. august
Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik deltek på «Pacific Islands Forum 2024» på Tonga. Noreg er dialogpartner på møtet og skal ha bilaterale samtaler med fleire av øystatane.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Bjørg Sandkjær
Tysdag 27.august
Kl. 12.30: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på ein samtale om «Finansering av utvikling: klarer vi det denne gangen? Skatteunndragelse, illegitim kapitalflukt, korrupsjon og gjeld undergraver utvikling og fred. Hva gjør vi for å tette skattehull og fremme velferd?». Stad: Tøyenkirken, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Kl. 13.30: Statssekretær Bjørg Sandkjær held introduksjonstale på Norfunduka. Stad: Nationaltheateret Konferansesenter, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Torsdag 29.august
Kl. 09.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på frukostseminar om unge si rett til utdanning i krig og konflikt. Seminaret er i regi av Operasjon Dagsverk og FN-sambandet. Stad: Deichman, Tøyen
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Fredag 30.august
Kl. 12.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær er vertskap for ein lunsj med Namibia sin finansminister, Ipumbu Shiimi.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02