Presseinformasjon:
Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 36
Pressemelding | Dato: 01.09.2023 | Utanriksdepartementet
Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 36, 2023.
Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.
Utanriksminister Anniken Huitfeldt
Torsdag 7. september
Kl. 16.30: Utanriksminister Anniken Huitfeldt deltek på ein rundebordskonferanse om kvinnefotball i Midtausten med Kronprins Haakon og Prins Ali av Jordan skipa til av Norges Fotballforbund. Stad: Ullevål stadion, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Fredag 8. september
Kl. 12.00: Utanriksministeren har eit møte med sivilsamfunnet i forkant av FN si høgnivåveke. Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim
Måndag 4. september – tysdag 5. september
Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på Africa Adaptation Summit. Stad: Nairobi, Kenya.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Tysdag 5. september – 6. september
Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på Africa Food Systems Forum. Stad: Dar Es Salam, Tanzania.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Fredag 8. september
Kl.12.00: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim er i Bergen og deltek på eit innspelsmøte om Afrika-strategien ved Chr. Michelsens Institutt (CMI). Ho skal òg møte Raftostiftelsen, i kraft av å vera settestatsråd for kunnskapsministeren, og ha eit møte med Chr. Michelsens Institutt (CMI).
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Eivind Vad Petersson
Måndag 6. september – 7.september
Statssekretær Eivind Vad Petersson deltek på eit nordisk-baltisk utanriksministermøte (NB8). Stad: Riga, Latvia.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Fredag 8. september
Kl. 13.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson har eit møte med NHO om Ukraina. Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik
Måndag 4. september
Kl. 09.30: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik har eit møte med indiske parlamentarikarar. Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Kl. 10.00: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik møter representantar frå den colombianske krigsskulen. Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Tysdag 5. september
Kl. 11.00: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik møter EUs Ambassadør til Noreg, Nicolas de La Grandville. Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Bjørg Sandkjær
Måndag 4. september
Kl.17.30: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på ei mottaking for Norwegian-African Business Association (NABA). Stad: Oslo Rådhus.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Tysdag 5. september
Kl.14.15: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på Norwegian-African Business Association (NABA) sitt toppmøte i Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Fredag 8. september
Kl.12.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær møter representantar frå sivilt samfunn i forkant av opninga av FNs høgnivåveke. Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.