Presseinformasjon:

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 36

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 36, 2024.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar blir kunngjorde i kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksministeren og utviklingsministeren har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Utanriksministeren har i tillegg audiens hos kongen på Slottet og jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Utanriksminister Espen Barth Eide  

Måndag 2. september

Kl. 10.30: Utanriksminister Espen Barth Eide er til stades på ein konferanse om EØS og den indre marknaden. Stad: Folkets hus, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 4. september

Kl. 10.30: Utanriksminister Espen Barth Eide deltek på eit arrangement i høve at det er fem år sidan stortingsmeldinga «Norges rolle og interesser i multilateralt samarbeid» blei lagt fram. Stad: Litteraturhuset, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Fredag 6. september

Kl. 09.00: Utanriksminister Espen Barth Eide møter representantar frå det norske sivilsamfunnet i forkant av FN si generalforsamling, saman med utviklingsministeren. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim

Fredag 6. september

Kl. 09.00: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim møter representantar frå det norske sivilsamfunnet i forkant av FN si generalforsamling, saman med utanriksministeren. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Maria Varteressian

Måndag 2. september

Kl. 10.30: Statssekretær Maria Varteressian er til stades på ein konferanse om EØS og den indre marknaden. Stad: Folkets hus, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Måndag 2.–4. september.

Statssekretær Maria Varteressian er til stades på «Arctic Frontiers Abroad». Stad: Oulu, Finland.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.  

Torsdag 5. september.

Kl. 12.00: Statssekretær Maria Varteressian har eit møte med UiT om nordområdestrategien. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.  

Statssekretær Eivind Vad Petersson

Måndag 2. september

Statssekretær Eivind Vad Petersson er i London. Han skal delta på eit seminar om Arktis og ha bilaterale samtalar. Stad: London, Storbritannia.  

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.  

Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik

Måndag 2. september

Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik har eit møte med Australia sin viseutenriksminister, Tim Watts. Sted: Sydney, Australia

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.  

Torsdag 5. september

Kl. 13.00: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik held opningsforedraget i høve Nobels fredssenter sin konferanse om kvinner sine rettar og kvinneundertrykking. Stad: Nobels fredssenter, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.  

Kl. 13.45: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik har eit møte med den nye koalisjonen «Free Narges Coalition» (PEN AMERICA, Reporters Without Borders, Front Line Defenders i samarbeid med Narges Mohammadi Foundation). Stad: Nobels fredssenter, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.  

Statssekretær Bjørg Sandkjær

Måndag 2. september

Kl.13.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær møter bedriftene «Blue Flame» og «Sunphase» om deira arbeid i utviklingsland med solcelleomnar og etanoldrivne omnar for matlaging. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.  

Onsdag 4. september

Kl.12.30: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på eit foredrag med æresdoktor ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU), Cary Fowler, i anledning at Fowler er årets vinner av World Food Prize. Stad: NMBU på Ås, Akershus.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.  

Torsdag 5. september

Kl.17.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær held ein tale på eit arrangement i regi av nettverk for rettferdig gjeldspolitikk (SLUG) i anledning at organisasjonen fyllar 30 år. Stad: Kulturhuset, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.