Presseinformasjon:

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 37

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 37, 2024.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar blir kunngjorde i kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksministeren og utviklingsministeren har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Utanriksministeren har i tillegg audiens hos kongen på Slottet og jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Utanriksminister Espen Barth Eide  

Måndag 9.–10. september

Utanriksminister Espen Barth Eide er i Lituaen. Han skal mellom anna møte Litauen sin utanriksminister, Gabrielius Landsbergis, og besøkje dei norske soldatane i Litauen. Stad: Litauen.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 11. september

Utanriksminister Espen Barth Eide er i København der han møter den danske utanriksministeren, Lars Løkke Rasmussen. Same dag deltek utanriksministrane på ei samsending mellom dei nordiske kringkastarane NRK, YLE, SR og DR.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 12. september

Kl. 10.00: Utanriksminister Espen Barth Eide deltek i ei panelsamtale under opninga av «Arctic Security Conference». Stad: Litteraturhuset, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim

Måndag 9. september

Kl. 08.00: Utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim har eit møte med Gavi og Gates Foundation. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 11. september

Kl. 13.00: Nordisk samarbeidsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim deltek på eit digitalt møte med dei andre samarbeidsministrane.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Fredag 13. september

Kl. 11.00: Utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim deltek på opninga av Dyrsku'n i Seljord.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Maria Varteressian

Tysdag 10.–11. september

Statssekretær Maria Varteressian møter den italienske viseutanriksministeren, Edmondo Cirielli. Dei skal ha fleire møter tysdag og onsdag. Mellom anna med Norges rederiforbund og Norsk romsenter. Stad: Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 11. september

Kl. 15.00: Statssekretær Maria Varteressian møter sin polske statssekretærkollega, Konrad Wojnarowski. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 12. september

Kl. 14.30: Statssekretær Maria Varteressian har eit møte med sin finske statssekreærkollega, Pasi Rajala. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.  

Kl. 17.00: Statssekretær Maria Varteressian held eit innlegg på ei mottaking i samband med konferansen «Arctic Security Conference». Stad: Litteraturhuset, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.  

Fredag 13. september

Kl. 10.00: Statssekretær Maria Varteressian deltek på eit møte om Europa og EØS i regi av Østlandssamarbeidet. Stad: Akershus fylkeskommune, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.  

Statssekretær Eivind Vad Petersson

Torsdag 12. september

Kl. 14.30: Statssekretær Eivind Vad Petersson har eit møte med sin finske statssekreærkollega, Pasi Rajala. Stad: Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.  

Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik

Måndag 9. september

Kl. 11.00: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik har eit møte med Gavi og Gates Foundation. Stad: UD.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Tysdag 10. september

Kl. 10.00: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik har eit møte med den italienske viseutanriksministeren, Edmondo Cirielli. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.  

Kl. 12.00: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik har eit møte med den humanitære organisasjonen «Geneva Call».

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.  

Kl. 14.15: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik har eit møte med Forsvars- og sikkerhetsindustriens forening, Kongsberg Defence & Aerospace og Nammo. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 11. september

Kl. 11.00: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik møter kampanjen «Norge må gjøre mer». Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.  

Statssekretær Bjørg Sandkjær

Måndag 9. september

Kl. 09.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på eit frukostmøte arrangert av Norges Bygdekvinnelag. Stad: Landbrukets hus.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.  

Tysdag 10. september

Kl. 10.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær har eit dialogmøte med utvalte aktørar frå sivilt samfunn, akademia og privat næringsliv om finansiering for utvikling (FFU). Stad: UD.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.  

Kl. 16.30: Statssekretær Bjørg Sandkjær har eit møte med eksekutivdirektør Mette Knudsen i Afrikabanken. Stad: UD. 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.  

Torsdag 12. september

Kl. 10.30: Statssekretær Bjørg Sandkjær har eit møte med Environmental Defense Fund (EDF) sin president, Fred Krupp. Stad: UD.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.