Presseinformasjon:

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 4

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 4, 2024.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar blir kunngjorde i kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksministeren og utviklingsministeren har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Utanriksministeren har i tillegg audiens hos kongen på Slottet kvar veke og jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Utanriksminister Espen Barth Eide

Måndag 22. januar–23. januar.

Utanriksminister Espen Barth Eide deltek på møte i FN. Han skal mellom anna halde innlegg på Tryggingsrådets opne debatt om situasjonen i Midtausten. Stad: New York, USA.

Onsdag 24. januar–26. januar.

Utanriksminister Espen Barth Eide følgjer kronprinsesse Mette Marit på reise til Egypt. Kronprinsessa skal opne det norske gjestelandsprogrammet og den norske paviljongen på den internasjonale bokmessa i Kairo. Stad: Kairo, Egypt.

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim

Torsdag 25. januar

Kl. 18.00: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim er vert for ein arbeidsmiddag for nestleiar i Verdsbanken, Anna Bjerde. Tema er globale utfordringar, slik som klima, energi og mattryggleik.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Fredag 26. januar

Kl. 13.00: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim har eit møte med Anna Bjerde, nestleiar i Verdsbanken. Tema er globale utfordringar, slik som klima, energi og mattryggleik. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Maria Varteressian 

Måndag 22. januar–23. januar

Statssekretær Maria Varteressian er i Brussel for samtalar, mellom anna med det belgiske EU-formannskapet, Efta-institusjonar og norske næringslivsaktørar. Stad: Brussel, Belgia.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik

Måndag 22. januar–24. januar

Statssekretær Kravik besøkjer Jordan og Iran for samtalar om bilaterale og regionale spørsmål.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Bjørg Sandkjær

Måndag 22. januar

Kl. 10.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær møter ein delegasjon frå Asiabanken (ADB). Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 14.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på eit Oxfam og Kirkens Nødhjelp-seminar om økonomisk ulikskap, skatt og grøn omstilling.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Tysdag 23. januar

Kl. 10.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær møter Oxfams eksekutivdirektør Amitabh Behar. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 25. januar

Kl. 14.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på eit NUPI-seminar i samband med nestleiar i Verdensbanken Anna Bjerde sitt noregsbesøk.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.