Presseinformasjon:
Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 4
Pressemelding | Dato: 17.01.2025 | Utanriksdepartementet
Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 4, 2025.
Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar blir kunngjorde i kalenderen på regjeringa.no.
Utanriksministeren og utviklingsministeren har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Utanriksministeren har i tillegg audiens hos kongen på Slottet kvar veke og jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Utanriksminister Espen Barth Eide
Mandag 20. til fredag 24. januar
Kl. 15.00: Utanriksminister Espen Barth Eide deltek på «World Economic Forum» i Davos, Sveits.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim
Måndag 20. januar–21. januar
Utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim er i Førde for å markere flyttinga av evalueringsavdelinga for bistand til Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec).
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Fredag 24. januar
Kl. 14.00: Utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim innleier eit seminar om global helse i G20-kontekst. Stad: UIO, Domus Bibliotheca, Karl Johansgt. 47.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Maria Varteressian
Tysdag 21. januar
Kl. 09.00: Statssekretær Maria Varteressian held opningsinnlegget på «Oslo Climate, Peace and Security Forum 2025» i regi av NUPI.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Kl.14.00: Statssekretær Maria Varteressian besøker DNB sitt hovudkontor for eit møte om Noregs relasjon til Europa, EU og EØS.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik
Måndag 20. januar
Kl. 15.00: Statssekretær Andreas M. Kravik skal ha eit digitalt møte med den nye leiaren for «The International Seabed Authority» (ISA), Carvalho
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Onsdag 15. Januar
Kl. 09.00: Statssekretær Andreas M. Kravik skal møte med Leger uten grenser sin internasjonale generalsekretær, Christopher Lockyear
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Bjørg Sandkjær
Måndag 20. januar
Kl. 13.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær møter «Global Impact Investing Network» (GIIN) sin administrerande direktør, Amit Bouri. Stad: UD.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Onsdag 22. januar
Kl. 10.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær og statssekretær Andreas M. Kravik har eit møte med Verdsbanken sin nordisk-baltisk eksekutivdirektør, Sigrun Rawet. Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Torsdag 23. januar
Kl. 9.30: Statssekretær Bjørg Sandkjær held eit opningsinnlegg før eit møte for dei nordisk-baltiske valkrinsane i dei multilaterale utviklingsbankane. Stad: Thon Hotell Opera, Bjørvika, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Fredag 24. januar
Kl. 14.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på eit seminar om global helse i G20-kontekst. Stad: UIO, Domus Bibliotheca, Karl Johansgt. 47.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.