Presseinformasjon:

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 43

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 42, 2023.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar blir kunngjorte i kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksminister Espen Barth Eide 


Laurdag 21. oktober

Utanriksminister Espen Barth Eide er i Egypt. Han deltek på toppmøtet som Egypts president Abdel Fattah al-Sisi har invitert til i Kairo.  

Bakgrunnen for møtet er den alvorlege utviklinga i Midtausten, situasjonen i Gaza og Israel, den akutte humanitære situasjonen i Gaza, og framtida for ein fredsprosess. 

Utanriksminister Barth Eide vil også ha bilaterale samtalar med ministrar frå andre land. 

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes +47 932 31 883 / tuva.bogsnes@mfa.no.

Tysdag 24. oktober

Kl. 08.30: Utanriksminister Espen Barth Eide deltek på eit møte i Stortingets europautval. Stad: Stortinget, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 25. oktober

Kl. 09.00: Utanriksminister Espen Barth Eide deltek på eit møte med presidentskapet for EFTAs overvakingsorgan (ESA). Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 16.00: Utanriksminister Espen Barth Eide held tale til deltakarane på sjefskurset ved Forsvarets Høgskole. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Fredag 27. oktober

Utanriksminister Espen Barth Eide reiser til Brussel for møte i EU og NATO. Stad: Belgia.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim


Fredag 20. oktober 

Kl.15.00: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim har eit møte med Terje Osmundsen, grunnleggjar og direktør i Empower New Energy, på sitt kontor. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 25. oktober 27. oktober 

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på «The Norman E. Borlaug International Dialogue», eit symposium for internasjonal matsikkerheit, i Des Moines, Iowa, USA.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.  

Statssekretær Eivind Vad Petersson 

Onsdag 25. oktober 

Kl. 11.30: Statssekretær Eivind Vad Petersson deltek på eit møte med visepresidenten i Den europeiske banken for gjenoppbygging og utvikling (EBRD), Jurgen Rigterink. Stad: UD, Oslo.  

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.  

Fredag 27. oktober 

Statssekretær Eivind Vad Petersson reiser til Tromsø. Han deltek under opninga av USA sitt nye diplomatiske kontor, “American Presence Post”.  

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik 

Måndag 23. oktober – 24. oktober  

Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik er i Genève. Han deltek på eit todagars viseministermøte om samarbeidet i Verdas handelsorganisasjon (WTO). Stad: Genève, Sveits.   

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.  

Onsdag 25. oktober – 27. oktober  

Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik besøkjer Sør-Afrika. Han skal mellom anna gjennomføre bilaterale høgnivåkonsultasjonar. 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.  

Statssekretær Bjørg Sandkjær

Måndag 23. oktober

Kl. 10.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær møter nestleiar for Verdens matvareprogram (WFP), Carl Skau, på sitt kontor. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 24. oktober

Kl. 09.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær opnar «Development Leaders Conference (DLC)», ein årleg konferanse som samlar bistandsdirektorata i OECD-land og enkelte givarar, på Sommerro, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 25. oktober

Kl. 11.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær møter Jürgen Rigterink, visepresident for Den europeiske banken for gjenoppbygging og utvikling (EBRD), på sitt kontor. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 26. oktober

Kl. 08.30: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på eit frukostseminar og diskusjon om Verdsbanken sin rapport "World Development Report 2023 Refugees, Migrant and Societies", arrangert av  Verdsbanken, UD og Norad. Stad;  Norad, Bygdøy allé 2.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Fredag 27. oktober

Kl. 10.45: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på eit høgnivåmøte for "The Guild of European Research Intensive Universities", som finn stad på Tøyen hovedgård i Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.