Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 44

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 44, 2024.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar blir kunngjorde i kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksministeren og utviklingsministeren har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Utanriksministeren har i tillegg audiens hos kongen på Slottet og jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Utanriksminister Espen Barth Eide  

Onsdag 30. oktober–31. oktober

Utanriksminister Espen Barth Eide deltek på eit ministermøte om Ukraina. Temaet er deporterte barn, sivile gislar og krigsfangar. Stad: Montreal, Canada.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim

Onsdag 30. oktober–31. oktober

Nordisk samarbeidsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim deltek på Nordisk Råds 76. sesjon i Reykjavík, Island.

Sjå eigen presseinformasjon

Statssekretær Maria Varteressian

Tysdag 29. oktober

Statssekretær Maria Varteressian deltek på Nordnorske Europadagar. Stad: Tromsø, Troms.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 31. oktober–1. november

Statssekretær Maria Varteressian deltek på regionalt nordområdeforum. Stad: Tromsø, Troms.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Eivind Vad Petersson

Måndag 29. oktober

Kl. 11.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson har eit møte med Norge-Amerika foreininga.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 14.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson har eit møte med Atlantic Council.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik 

Måndag 28. oktober

Kl. 13.30: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik deltek på eit møte om folkeretten skipa til av «Forsvar folkeretten». Stad: Litteraturhuset, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 30. oktober

Kl. 10.30: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik opnar eit digitalt informasjonsmøte for norske bedrifter. Temaet er teknologiske løysingar for kontroll og overvaking av internasjonal havbotnmineralaktivitet.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 13.45: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik møter representantar frå afghansk sivilsamfunn. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 18.00: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik deltek held innlegg og deltek på ein debatt i høve opninga av Afghanistan-veka i Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

 

Statssekretær Bjørg Sandkjær

Onsdag 30. oktober

Kl. 9.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek i ein panelsamtale om korleis undervisning og fred i norske klasserom kan gi håp for framtida.  Arrangementet er i regi av Redd Barna. Stad: Nobels fredssenter, Oslo. 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.  

Kl. 11.30: Statssekretær Bjørg Sandkjær har eit møte med leiaren av Det globale partnerskap for utdanning (GPE), Laura Frigenti. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.  

Torsdag 31. oktober

Kl. 15.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på eit møte om garantiordning for fornybar energi med aktørar frå sivilt samfunn og næringsliv. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.  

Fredag 1. november

Kl. 09.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær har eit møte med FNs spesialråd for løysingar for internt fordrivne, Robert Piper. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.